Hopp til innhold

Hordaland Høgre delt om norsk OL-søknad

Berre to av sju Høgre-politikarar på Hordalandsbenken har flagga standpunkt i saka om norsk OL-søknad. – Dette blir ein spanande dag, seier Erik Skutle, som sjølv seier klårt nei til norsk OL.

Oslo-OL 2022

KAN BLI EIN REALITET: Mykje er uvisst omkring ein eventuell norsk søknad om vinter-OL 2022. I dag bestemmer Høgre si stortingsgruppe seg for kva partiet skal meina om saka.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Ingenting er avgjort når Høgre si stortingsgruppe i dag skal ta stilling til kva partiet skal meina om ein norsk OL-søknad.

Ifølgje BT.no har berre to av partiets sju Hordalandsrepresentantar gått ut offentleg med sine standpunkt, nemleg Erik Skutle og Ove Trellevik. Begge er negative til norsk søknad om dei gjeve vinterleikane.

Ein spanande dag

Eirik Skutle

SEIER TYDELEG NEI: Erik Skutle er ein av få i Hordaland Høgre som alt har flagga eit tydeleg standpunkt i OL-saka. – Det er altfor dyrt, og dessutan går det på tvers av det vi lova i partiprogrammet vårt, seier han. I dag avgjer Høgres stortingsgruppe partiets syn på saka.

Foto: Høyre

Skutle seier til NRK at han er spent før dagens avgjerande gruppemøte. Ifølgje BA.no er det samla resultatet for Hordalandsbenken på Stortinget på tvers av partigrensene tydeleg i neisidas favør.

– Det er ei gruppe som er delt, så det blir nervepirrande.

– Korleis kjem du til å argumentere for ditt standpunkt overfor gruppa?

– Eg kjem til å seie at vi absolutt ikkje bør seie ja til statsgaranti. Det er altfor dyrt, og det går på tvers av det vi faktisk har skrive i partiprogrammet – altså det vi faktisk har vunne valet på.

Er i tenkeboksen

Kvifor partifellene enno ikkje har flagga noko synspunkt, har ingenting å gjere med at OL har blitt eit betent tema i Høgre, hevdar Skutle.

Han trur mange sit på gjerdet og ventar på argument frå begge sider, før dei i dag tar endeleg stilling.

– Dei vil truleg følgje saka, og summere opp positive og negative saker. Det er jo sakas argument som avgjer, ikkje taktikk.