Hopp til innhold

Hevdar at Nordhus spanderte smøreturar for Nordea-sjefar

Tidlegare valdsforskar Gunnar Nordhus skal ha spandert på banksjefar i stor stil – og fått fleire titals millionar i lån.

Video Nordhus spanderte på Nordea-sjefer

Gunnar Nordhus

Gunnar Nordhus.

Den tidlegare assistenten og privatsjåføren til Gunnar Nordhus, Tore Kvisler, viser fram bunkar med papir.

Han meiner dette er dokumentasjon på at Nordhus spanderte dyre fotballturar på to banksjefar i Nordea.

Ordet "smøretur" er skrive på eitt av papira, og Kvisler seier det ikkje er han som har skrive det.

Har levert dokumentasjon til politiet

Tore Kvisler

Tore Kvisler meiner å kunna dokumentera smøreturar for Nordea-sjefar.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Ein av turane gjekk til Ullevål, der Brann møtte Lyn i cupfinalen i 2004. Andre turar har gått til ulike byar der Brann har spelt bortekampar, også utanlands, blant anna for å sjå europacupkamp mot Club Brugge. Kvisler var sjølv med og organiserte turane.

– Var det ein smøretur?

– Eg kallar det ein korrupsjonstur. Ingen andre skulle få vita noko om dette, seier Kvisler til NRK.

Kvisler har no levert dokumentasjon omkring desse turane til politiet. Nordhus er slått konkurs, og er sikta for bedrageri.

Har sagt opp to banksjefar

Dokumentasjon

Dette er papira som skal dokumentera smøring av to banksjefar i Nordea.

Foto: NRK

Som takk for at Nordhus var så spandabel mot banksjefane, skal han ha fått fleire titals millionar kroner i lån frå banken sin filial i Åsane i Bergen.

Thomas Sevang

Thomas Sevang i Nordea seier dei granskar saka.

Foto: NRK

Nordea har sagt opp dei to banksjefane, og har kome med eit krav mot konkursbuet til Gunnar Nordhus på 23 millionar kroner.

Informasjonssjef Thomas Sevang i Nordea seier banken granskar kva som har skjedd.

– Utover det har vi i Nordea ingen kommentarar, fordi dette er personalsaker, seier Sevang.

– Kan vera korrupsjon

Forsvararen til Gunnar Nordhus, advokat Nils Edvard Th. Stenersen, stadfestar at dette kan dreia seg om korrupsjon.

– Så vidt eg veit har fleire tilsette ved Nordea måtta gå frå stillingane sine som følgje av at dei har gitt lån til Gunnar Nordhus på ein uforsvarleg måte, og at det kan kallast korrupsjon, det kan det vel og muligens gjera, seier Stenersen.

NRK har så langt ikkje kome i kontakt med Nordhus for å få hans kommentarar til saka.

Cupfinalen i 2004

Brann jublar over gull i cupfinalen i 2004, mens dei to banksjefane oppheld seg i ein VIP-losje på Ullevål på Gunnar Nordhus si rekning, ifølgje Tore Kvisler.

Foto: NRK

Har du tips i saka? Ta kontakt med journalist Per Christian Magnus på epost per.christian.magnus@nrk.no

  • Sjå og video:

Nordhus skal ha brukt falsk identitet

Video Gunnar Nordhus skal ha brukt falsk identitet