Hopp til innhold

Hevar E16 ein meter for å unngå dette

Europavegen ved Voss blir ofte stengt av flaum, og omkøyringsalternativa er få. No er det løyvd pengar til å heva vegen ein meter.

Flom på Vestlandet

KJENT SYN: Slik såg det ut på E16 mellom Voss og Vinje, fire dagar før julaftan. Dei siste åra har europavegen vore stengt her fleire titals gonger.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

På grunn flaumen i helga måtte Vegvesenet nok ein gong stengja E16 ved Hole bru mellom Voss og Vinje.

Dei siste åra har det blitt eit kjent syn at vatnet når til glaset på bilane når Strandaelvi flyt over. Stamvegen mellom Oslo og Bergen har vore stengt her fleire titals gonger dei seinare åra på grunn av vatn i vegbana.

Hevar vegen

Flaum vart det også søndag, då NVE varsla høgste farenivå og vassføringa i Vossovassdraget var stor.

Då fløymde det over på europavegen kring ti kilometer nordaust for Voss.

Men no vil Vegvesenet komma denne problematikken til livs. På neste års statsbudsjett er det løyva midlar til å heva E16 ein meter ved Hole bru.

Det er snakk om kring 100 meter av vegen som skal litt opp i høgda for å hindre nye oversvømmingar.

– Om alt går som planlagd, så blir dette utbetra til sommaren, seier byggjeleiar Kåre Olav Aldal i Statens vegvesen.

Prosjektet mellom Sundve skule og Hole bru på E16 har ein totalpris 43 millionar kroner, men i det inngår også ny gang- og sykkelveg. Det er usikkert når dette vil vera på plass.

E16 ved Hole bru på Voss

– Ingen omkøyring

Aldal fortel at stenging akkurat på denne staden mellom Voss og Vinje skapar store komplikasjonar for trafikken.

– I praksis er det ikkje omkøyringsmoglegheiter. Folk må velja heilt andre ruter for å komma forbi. Også lokalt gir det store problem for dei som skal på jobb og skule, vedgår Aldal.

Då folk skulle på arbeid måndag morgon, var det framleis stengt. Arbeidspendlarane hadde ingen bilveg å køyra på.

– Omtrent kvart einaste år er vatnet oppe i vegen her, tordnar Vidar Bryn, som i snart 30 år har hatt E16 som arbeidsveg.

Måndag måtte han ta traktoren til hjelp for å komma forbi dei store vassmengdene.

– Eg kom jo over med den, men det er jo litt feil at ein må køyra traktor langs hovudvegen for å komma seg på arbeid, sukkar Bryn.

Oversvømmelse på E16 ved Hole bru

Nokre kom seg forbi, medan andre måtte ta traktoren til hjelp på E16 mellom Voss og Vinje. No vert vegen heva ein meter.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix