Hopp til innhold

Her vart han slept over 100 meter under bilen

Etter å ha blitt påkøyrd vart 27-åringen slept under bilen. I dag vakna mannen på sjukehus.

Påkøyrsel Ågotnes

ALVORLEG SKADD: 27-åringen vart alvorleg skadd då han vart påkøyrd og slept under ein bil ved rundkøyringa på Ågotnes

Foto: Richard Saure

Det var tysdag kveld at ein 27 år gamal mann vart påkøyrd ved rundkøyringa på Ågotnes.

Ifølgje politiet vart mannen slept under bilen i opp mot 200 meter. 27-åringen fekk alvorlege skader i ulukka og vart sendt til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse.

Kriminalteknikarar vart sendt til ulukkesstaden. I natt har dei gjort undersøkingar medan politiet har avhøyrt fleire personar som blei vitne til påkøyrsla.

Har vakna på sjukehus

Utpå formiddagen onsdag har mannen kvikna til etter den alvorlege ulukka.

– Siste beskjeden frå Haukeland er at han er vaken, klar og stabil, fortel politiførstebetjent Torbjørn Mørk ved Sotra og Øygarden lensmannskontor til NRK i 11.30 tida.

Mørk fortel at dei no skal snakke med 27-åringen på sjukehuset.

Rykka først ut til bensinstasjonen

I utgangspunktet rykka politiet ut etter meldingar om at ein person oppførte seg trugande på Esso-stasjonen på Ågotnes. Like etter kom beskjeden frå AMK om at ein person var påkøyrd i rundkøyringa ved bensinstasjonen.

Mørk vil ikkje bekrefte ovanfor NRK om den påkøyrde mannen er den same som truga dei tilsette på Esso.

– Nei, det ønskjer eg ikkje å seie noko om.

Skal gjera fleire avhøyr

Politiet kjem ikkje til å gå ut med meir informasjon om hendelsesforløpet før dei har avhøyra fleire vitne.

– Vi skal snakka med ein fem-seks personar. Før vi får gjort det, vil vi ikkje gå ut med meir detaljar om kva som skjedde, seier Mørk.

Politiet trur ikkje dei vert ferdige med etterforskinga av ulukka før over helga.

Mann slept etter bil på Ågotnes

TIL SJUKEHUS: Luftambulansen frakta den skadde til Haukeland universitetssjukehus. I dag vakna 27-åringen, han skal ifølgje politiet vera stabil og klar.

Foto: Madeleine Elisabeth Finsås