Hopp til innhold

Her trener verdas tredje beste skøyteløpar

Sverre Lunde Pedersen kom i dag heim til Bergen med VM-medalje i bagasjen. Der ventar elendige treningsforhold på Slåtthaug for han og Håvard Lorentzen.

Bergens store skøytetalenter trener på elendig bane

SLÅTTHAUG: Slik er treningsforholda på Slåtthaug, der både Sverre Lunde Pedersen og Håvard Lorentzen trenar for nye VM-medaljar.

Etter ei lang reise frå Canada har verdas tredje beste på skøyter, landa i Bergen. Skøytetalentet frå Os, Sverre Lunde Pedersen, knakk koden i Canada denne helga og vann sin første medalje i VM.

No går han frå gode forhold på innandørsbane i Calgary, tilbake til ei treningsbane på Slåtthaug, få konkurrentar vil misunne han.

– Det er ein stor kontrast. Dei beste trenar innandørs så å seie heile året. Då får ein god kvalitet på alle øktene, seier Pedersen då NRK møtte han på Flesland i dag.

LES OGSÅ: – Prestasjonene deres er egentlig helt utrolige

– Skøytene våre blir øydelagde

Sverre Lunde Pedersen

Sverre Lunde Pedersen kunne juble då han i helga sikra bronsemedalje i VM.

Foto: Derek Leung / Afp

Eit utandørsanlegg i Bergen byr på ei rekke problem. Grus og skrot øydelegg skøytene, og kommunens vedlikehald er ikkje stabilt nok.

– Me har komme på trening til dårleg vêr og ein is som ikkje har vore god nok, eller klar til bruk, seier Pedersen.

På Slåtthaug i Bergen trenar også Håvard Lorentzen som nyleg har tatt bronse i sprint-VM. Klubben har dermed to lovande utøvarar, men dei slit med å få gjennomført treninga på grunn av det dårlege anlegget.

– Det er ikkje normale treningsforhold for løparar i verdstoppen. Eg var oppe her i går og fekk gjort kanskje 20 prosent av økta før skøytene blei øydelagde, seier Lorentzen.

LES OGSÅ: Lorentzen og Haugland til topps i Drammen

Må ha 300 millionar for å ruste opp anlegget

Eit tak over Slåtthaug ville ha forbetra treningsforholda for utøvarane. Men prislappen på å ruste opp anlegget er for høg for Bergen kommune, som ikkje har 300 millionar å bruke på eit nytt anlegg.

Stormoen ny byråd

IKKJE RÅD: Idrettsbyråd i Bergen Helge Stormoen (Frp) seier Pedersen og Lorentzen må setje si lit til privat investorar.

Foto: NRK

Idrettsbyråd Helge Stormoen (Frp) ber klubben finne private sponsorar.

– Det er private investorar som er interesserte i å saman med kommunen bygge tak på Slåtthaug, seier Stormoen.

Enn så lenge må altså Pedersen og Lorentzen vente på å få trene innandørs.

– Draumen er å få tak her. Klarar me det, kan det bli mange gode skøyteløparar frå Fana og Bergen dei neste åra, seier Pedersen.

LES OGSÅ: VM-medaljene gull verdt for Skøyteforbundet