Hopp til innhold

Her er sakene som kan avgjere valet i Os

Vil Frp klare å halde på ordføraren i ein femte periode, eller har kritikken rundt ferjefri E39 råka partiet for hardt? Sjå oversikta over nokre av dei viktigaste sakene for kommunevalet i Os.

Terje Søviknes

NY PERIODE? Terje Søviknes (Frp) har sete som ordførar i Os samanhengande sidan 1999. No går han og Frp for ein ny periode.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Vallogo

Utvalet bygger på kva partia har svart i NRKs Valgomat, partiprogramma, samt vurderingar av politiske journalistar i NRK.

1. Trasevalet for ferjefri E39

Kommunalminister Jan Tore Sanner har sagt at dagløysing for ilandføring av ny E39 er usannsynleg, og Statens vegvesen jobbar no med ein trasé som vil gje tunnel under Søre Øyane.

Trasevalet for ferjefri E39 er omstridt i Os. Frp og Høgre vil ha E39 gjennom kommunen, medan både sentrumspartia og venstresida meiner tunnel ikkje er nok, og at ny E39 bør leggast utanom Os.

LES OGSÅ: Alt om ferjefri E39

Søre Øyane på Os

SØRE ØYANE: Tunnel under Søre Øyane er ikkje nok, meiner sentrum og venstresida i Os.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

2. Kommunesamanslåing

Regjeringa har gitt kommunane frist til juni 2016 med å fatte vedtak om samanslåing. I Os er reforma omstridt, og kommunen har enno ikkje avgjort om dei vil stå åleine eller slå seg saman med andre.

Nokon ønskjer ein større kommune med Austevoll, Fusa, Tysnes og Samnanger, eller ei samanslåing med Bergen og Fusa. Høgre, MDG og Venstre er for ei kommunesamanslåing, medan dei andre partia meiner Os står best åleine. Saka er venta å bli ein av dei store under valkampen i Os.

LES OGSÅ: Meir om kommunesamanslåing i Hordaland

Bergensregionen kommunesamanslåing

SAMANSLÅING? Eit av dei føreslegne alternativa er ein ny kommune med Os, Austevoll, Fusa, Tysnes og Samnanger. Til høgre er NHOs forslag, ein storkommune kring Bergen.

3. Eigedomsskatt

Os er blant dei tjue kommunane i Noreg der folketalet er venta å prosentvis auke mest fram mot 2040.

I dag har ikkje kommunen eigedomsskatt på hus og hytter, men KrF og MDG meiner Os bør vurdere å innføre dette for å bygge ut infrastruktur til nye bustadar som kommunen vil komme til å trenge.

Dei andre sentrumspartia, samt høgresida, Ap og SV er ueinige og meiner kommunen klarar seg utan eigedomsskatt.

4. Skulenedlegging

Skulane i Os kommune ligg eit stykke under landssnittet på nasjonale prøvar. Eit av tiltaka som no vert diskutert er om kommunen bør satse på færre og større skular for å betre skulane.

Høgre, Frp, KrF og Venstre meiner dei små skulane bør vike for å bygge større skular. Dei andre sentrumspartia, samt venstresida i Os, er ueinige og vil halde på småskulane.

5. Ordførar Terje Søviknes

Terje Søviknes (Frp) har vore ein populær ordførar blant veljarar og kollegaer i Os sidan 1999. Ingen Frp-ordførar i landet har sete like lenge, og heller ingen andre ordførarar i fylket.

Men Frp har slite med dårlege meiningsmålingar, og Søviknes har måtte tole kritikk for den politiske prosessen rundt trasévalet for ferjefri E39 gjennom kommunen. No går Søviknes for sin femte periode som ordførar, men kan han halde på veljarane sin tillit ein periode til?

Siv Jensen gratulerer Terje Søviknes

Frp-leiar Siv Jensen og Frps ordførarkandidat i Os, Terje Søviknes.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix