Hopp til innhold

Her er sakene som avgjer valet på Voss

Mykje vil handla om Bergensbanen og E16 på Voss dei neste åra. Sjå oversikta over dei andre viktige sakene i kommunen.

E16 og Bergensbanen side om side

AVGJERANDE SAK: I valkampen på Voss vil det handla mykje kva parti som har mest truverd på å få starta bygging av trygg E16 og jernbane mellom Bergen og Voss.

Foto: Jernbaneverket

Vallogo

Utvalet bygger på kva partia har svart i NRKs Valgomat, partiprogramma, samt vurderingar av politiske journalistar i NRK.

1. Bergensbanen og E16

E16 og Vossebanen er den viktigaste politiske saka i Voss dei neste åra. Det er brei semje om K5-alternativet, som gir trygg og raskare veg og raskare reisetid med bana. I valkampen vil mykje handla om kven som har størst truverd når det gjeld å få starta bygginga så raskt som mogleg.

Hans Erik Ringkjøb er Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat, og er også ordførar i dag. Iril Schau Johansen er Høgre sin ordførarkandidat. Begge tek til orde for at E16 og Vossebanen bør prioriterast.

Men begge ordførarkandidatane kan skuldast for å møte seg sjølv i døra i spørsmålet om Bergensbanen og E16 skal prioriterast framføre ferjefri E39. Ringkjøb er leiar av Hordaland Ap medan Schau Johansen sit i samferdsleutvalet på fylkestinget.

Fylkespartia har uttala at dei ikkje vil gjera ei prioritering mellom dei to store samferdsleprosjekta.

For andre gang på to uker er E16 stengt på grunn av jordras.

Mange jordskred og fleire ulukker har ført til nye debattar om utbetring og sikring av E16 og Bergensbanen mellom Bergen og Voss.

Foto: Rikke Emlie Rusten/Helene Wiese-Hansen / NRK

2. Gratisparkering

Alle partia på Voss meiner ein bør få til ei lik ordning for parkering på Vossevangen og ved Amfi-senteret aust for sentrum. I dag er det betaling på Vangen, medan butikkundane ved Amfi-senteret i praksis har to timar gratis parkering.

Medan venstresida vil krevja betalt frå første time også ved Amfi-senteret, ønskjer høgresida å la dei handlane få parkera to timar gratis både ved Amfi og på Vossevangen.

3. Kraftutbygging i Raundalselva

Raundalselva er ein av tre hovudgreiner i Vossovassdraget og renn gjennom Raundalen og ned til Vangsvatnet. Elva har vore sidan 1986, men Voss Energi og BKK ønskjer å byggja ut kraftstasjonar i vassdraget.

SV og Venstre er heilt i mot og vil halda på vernet. Ap, Høgre og Frp går inn for utbygging.

Rafting i Raundalselva

Rafting i Raundalselva. Vassdraget har varig vern, men det ligg føre planar om kraftutbygging.

Foto: Den Norske Turistforening

4. Eigedomsskatt

Voss har i dag 2,4 promille i eigedomsskatt på hus og hytter og sju promille på verk og bruk. Høgre vil redusera eigedomsskatten men er innstilt på at det er vanskeleg å få til. Også Frp vil redusera skatten, medan resten av partia vil behalda eigedomsskatten slik den er i dag.

5. Kommunesamanslåing

Hans-Erik Ringkjøb og Marta Finden Halset

Hans Erik Ringkjøb, Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
Iril Schau Johansen og Hans Erik Ringkjøp

Iril Schau Johansen, Høgre sin ordførarkandidat.

Regjeringa har gitt kommunane frist til juni 2016 med å fatte vedtak om samanslåing. I Voss kommune er ein ganske opne om samanslåing men har ikkje teke stilling til kven dei eventuelt vil slå seg saman med.

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb har vore over fylkesgrensa i møter med både Aurland og Vik for å diskutera ein potensiell storkommune med store kraftinntekter. Men mykje avheng av kva Vik og Aurland kjem fram til.

I mars vende Granvin og Ulvik tommelen ned for ein stor Hardangerkommune, og det kan bli aktuelt at dei heller ser til Voss. Også Vaksdal kommune kan hamna i ein større kommune saman med Voss.