Hopp til innhold

Her er knepet for å sy «Mad Men» kjolen

Har du dilla på 60-talet? Her hjelper me deg med å sy ditt eige eksemplar av minikjolen du har tråla bruktbutikkane etter.

Tine Solheim forklarar og viser korleis ein syt ein støttestikning.

UTRINGING: Her syner Tine korleis kven som helst kan få til ein jamn fin utringing på kjolen eller toppen.

Med den amerikanske TV-serien Mad Men fekk sjåarane boltre seg i skreddarsydde grå dressar, A-linjeforma skjørt og tettsitjande minikjolar frå 60-talet.

Ida Symesterskapet

Vil du sjå kva Ida og dei andre deltakarane lagar denne veka? Få med deg Symesterskapet på NRK1.

Foto: Tore Zakariassen

Om du er ein av dei som opplevde tiåret og lengtar etter skjørtet som for lengst har forsvunne, eller berre er fullstendig hekta på 60-tals moten, kan du jo sy ditt eige eksemplar av ein av dei klassiske kjolane?

Deltakarane i Symesterskapet gjer nettopp det denne veka, og lagar ein rett eller lett utsvinga 60-tals kjole. Kjolen har eit enkelt snitt, men deltakarane møter alle på ei utfordring undervegs, nemleg støttestikning.

Ein støttestikning får eit belegg til å ligge stødig. Den er ikkje synleg på framsida av plagget, men gjer den gode støttejobben i det skjulte på vranga.

Kan du det, blir kjolen fin og jamn i kantane. Me syner deg sjølvsagt trikset her:

Slik lager du støttestikning

1. Sy belegget ferdig, men ikkje damp det. Forklaring på korleis du lagar eit belegg finn du her. Her er hemmelegheita bak draumekjolen

Støttestikning trinn 1

2. Brett belegget vekk frå sjølve plagget, og legg saumrommet mot beleggsida. Sy med maskin tett inntil saumlinja (ca. 2mm avstand).

Støttestikning trinn 2

3. Stiklingen skal gå igjennom både beleggstoff og saumrommet for belegg og hovudstoff, det vil seie gjennom tre lag med stoff.

Støttestikning trinn 3

4. Brett belegget over til vranga av plagget. Damp belegget slik at saumlinja og støttestikningen ligg like innanfor halsutringinga. Den skal berre synast på innsida av plagget.

Støttestikning trinn 4

5. Og der har du fått til ein støttestikning som gjev ein fin og jamn halsutringing.

Støttestikning trinn 5b