Hopp til innhold

Helse Bergen får blodbank-refs

Helsetilsynet meiner Helse Bergen HF har for stor risiko i styringa av blodbankane ved sjukehusa. – Får dei ikkje betre system kan det vere til fare for pasientane.

Blodgiver

IKKJE GOD NOK KONTROLL: Helsetilsynet skriv i ein rapport at Helse Bergen har fleire avvik i samband med driftinga av blodbankane sine. Dei ber no helseføretaket om å rydde opp.

Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX

Det seier assisterande direktør i Statens helsetilsyn, Heidi Merete Rudi. Helsetilsynet har sett nærare på blodbankverksemda i Helse Bergen HF, og finn fleire problem ved sjukehusa på Voss og Haukeland samt Kysthospitalet i Hagevik.

I den ferske rapporten peikar Helsetilsynet på mellom anna at Kysthospitalet ikkje oppbevarer blod på forskriftsmessig måte, og at ein ikkje har god nok kontroll på at blodgjevarar vert kvalitetssikra.

Nulltoleranse for feil

Heidi M. Rudi

ALVORLEG: Heidi Merete Rudi i Statens helsetilsyn meiner Helse Bergen må ordne opp snarast.

Foto: Helsetilsynet

Helsetilsynet presiserer at det er viktig at blodgivarar vert godkjent og vurdert fordi ein skal hindre at blodgivinga ikkje er til skade for verken gjevar eller pasient. Det er også nødvendig for å sikra at det ikkje vert overført smitte.

– I høve til blodområde har vi ingen toleranse for at feil skal skje. Det er farleg for pasientar å få feil blod, og å få blod som kan vere smitta med smittefarlege sjukdomar, seier Rudi.

– Kan få fatale konsekvensar

I rapporten slår Helsetilsynet fast at Helse Bergen har for dårleg kontroll på å sikre at feil ikkje skjer. Dei har ikkje funne ut at pasientar har fått feil eller smitteberande blod, men dei meiner faren for at slike feil kan skje er for stor slik situasjonen er i dag.

– Regelverket for å sikre denne verksemda er veldig detaljert nettopp fordi at det kan ikkje skje feil her. Når vi då finn at det ikkje er heilt i tråd med krava er det ein større risiko enn det Helse Bergen kan leve med, seier den assisterande direktøren i Helsetilsynet.

Kor alvorleg er desse avvika?

– Dersom det fører til at pasientar får feil blod eller smitteberande blod kan det for den enkelte pasient bli heilt fatalt. Difor må Helse Bergen få orden på dette.

Lovar betring

Kvalitetssjef i Helse Bergen, Stig Harthug, seier dei tek rapporten høgst på alvor og at dei vil følgje den opp i alle ledd.

– Blodbankverksemd er komplisert og det er høge krav. Vi har ein komplisert organisasjon, men no skal vi gå grundig inn i rapporten og sjå korleis vi skal gjere endingar slik at risikoen blir redusert.

Ifølgje Harthug har dei ikkje utsett pasientar for nokon fare, og han presiserer at det dei heller ikkje har haldepunkt på dette.

– Men det er alltid slik at desse systema våre som skal sikre oss mot fare, kan bli betre. Vi må sjå gjennom at vi gjer dette på best mogleg måte slik at vi er heilt sikre på at vi ikkje utsett pasientane for unødig fare, seier han.

– Har de vore klare over dette?

– Vi har vel vore klare over at det å drive blodbankverksemd på fleire punkt er krevjande. Alle einingane ligg forskjellige stader med forskjellig leiing og det er strenge krav. Nokre diskusjonar har det vore undervegs, men vi har ikkje vore merksame på at vi skulle få desse avvika som vi no har fått, seier Harthug.