Hopp til innhold

- Eg fekk livet tilbake

Birgitte Hjellum (22) lei av kronisk utmattingssyndrom (ME), og var lenka til si eiga seng. No er ho og mange andre nordmenn blitt helbreda etter eit besøk hos Phil Parker i England.

Birgitte Hjellum
Foto: Privat

- Eg har fått livet mitt tilbake, seier Birgitte Hjellum.

Sjå videoreportasje med Birgitte

Når NRK møter Hjellum i leilegheita i Oslo, står ho og lagar mat saman med venninnene på kjøkkenet. For to månader sidan hadde ikkje det vore aktuelt.

Birgitte Hjellum

AKTIV: For to månader sidan hadde det vore heilt utenkeleg for Birgitte å delta på smoothie-laging.

Foto: Ketil Jordan/Alrik Velsvik / NRK

- Aldri i livet.  For det første hadde eg ikkje klart å stå her, og for det andre hadde det bråkt altfor mykje, seier ho.

LES OGSÅ: Ine (16) kjemper mot samfunnet

Blei isolert

10 000 nordmenn har fått den til no uforklarlege sjukdommen. I Bergen er over 100 personar kronisk trøytte.

22 år gamle Birgitte blei alvorleg sjuk og fekk diagnosen ME - kronisk utmattingssyndrom Ho var så sjuk at ho måtte liggje i eit stille rom heile døgnet.

- Det var smerter som var der heile tida. I tillegg var eg isolert og kunne ikkje gjere noko som helst, seier ho.

Men livet forandra seg totalt då ho før jul reiste til London på eit tredagar langt kurs. Der lærte ho ein spesiell teknikk som gjev henne kontroll over sjukdommen.

- Det går ut på å stoppe det når det kjem, og svitsje til eit anna spor. Ein brukar den bevisste delen av hjernen til å omprogrammere den ubevisste delen. For det er adrenalinet som har hengt seg opp i ein vond sirkel, forklarer ho.

Phil Parker

MIRAKELDOKTOR: Phil Parker var denne helga på besøk i Noreg for å møte fagfolk.

Foto: Ketil Jordan/Alrik Velsvik / NRK

- Ikkje hjernevasking

Mannen bak kurset, Phil Parker, kom i helga til Bergen for å halde foredrag og møte norske fagfolk. Han er opptatt av å understreke at behandlinga ikkje er tåkeprat eller forsøk på å svindle folk.

- Dette er ikkje hjernevasking eller noko i den dur. Det er berre svært vanskeleg å forklare behandlingsprosessen, fordi den er så komplisert. Det viktigaste er å snakka med nokon som har vore med på det, og høyre om dei var sjuke før, og om dei eventuelt er friske no, seier han.

LES OGSÅ: ME-pasienter får statsrådsstøtte

Lækjar og dr. med. Vegard Bruun Wyller ved Rikshospitalet er ein av dei fremste ekspertane på ME i Noreg. Han er imponert over rapportane frå England.

- Men dette må likevel dokumenteraste endå betre, seier han.

Derfor ønskjer han no norsk forsking på metodane.

- Men det krev langt større ressursar enn vi har i dag.

LES OGSÅ: Folkehelseinstituttet snur i ME-saka

Vegard Bruun Wyller

POSITIV: Vegard Bruun Wyller er imponert over resultata frå England.

Foto: Ketil Jordan/Alrik Velsvik / NRK