Hopp til innhold

Har sunge på sjømannsvis i 15 år

I kveld feirar sjantikoret seg sjølv. Høyr kor det svingar.

Storm Weather Shanty Choir (SWSC) har songe i 15 år, og består av seks musikarar med bakgrunn frå metal, rock, pop og sjømannssong.

SYNG PÅ NRK: Storm Weather Shanty Choir frå Stord fyller 15 år. Dette blir markert med konsert på Logen i kveld. Tidlegare på dagen song dei i NRK-studioet til reporter Jan Børge Leirvik.

Storm Weather Shanty Choir frå Stord fyller 15 år. Dette blir markert med konsert på Logen i kveld, der mellom anna Helge Jordal og andre med kjærleik til havet vil opptre som gjesteartistar.

Frå rock til sjømannssong

Storm Weather Shanty Choir (SWSC) består av seks musikarar med bakgrunn frå metal, rock, pop og sjømannssong.

Sjantimannen Haakon Vatle har segla mange år på Statsraad Lehmkuhl og er påtroppande direktør for stiftelsen. Han har ein mastergrad på sjantiar og sjømannssongar.

– Alt starta på Lehmkuhl. Dette er kanskje noko av det kjekkaste ein kan få vere med på, saman med denne fine gjengen. Vi er nesten som ein familie, eit ekteskap. Utruleg stas at vi er dei same som har halde på i alle desse 15 åra, seier Vatle til NRK.

Storm Weather Shanty Choir

KONSERT: Storm Weather Shanty Choir frå Stord i aksjon på scena under ein tidlegare konsert.

Foto: Privat

Fører tradisjonen vidare

Tradisjon og fornying har alltid vore eit nøkkelord for SWSC.

– Med bakgrunn i at seglskutesjømannen var den fyrste ekte rockaren, har dette medført i eit relativt friskt folkrock-preg på musikken vi framfører. Inkludering av publikum er eit nøkkelord, seier karane til NRK.

I løpet av 15 år har dei gjeve ut fem kritikarroste plater og turnert Europa, USA og Japan.

– Vi er veldig ulike, men eg trur det har vore limet. Vi utfyller kvarandre på ein fin måte, seier Vatle.

SWSC har og spela fleire gonger på Bylarm og Folkelarm, og samarbeida med artistar som Kaizers Orchestra, Odd Nordstoga, Åsmund Nordstoga, Dave Cloud, Katzenjammer og Vamp.

– Ein sjanti er fengande den dag i dag, og verd meir enn 100 låtar på Billboard!