Hopp til innhold

To menn fengsla etter brannen i Bergen

To menn i 30-åra er varetektsfengsla av politiet etter brannen i Løbergsveien i Bergen måndag. – Dei har status som sikta, seier politiadvokat Laila Skeide.

Brann Løbergsveien

BRANN: To personar er varetektsfengsla over natta, etter brannen i Løbergsveien måndag kveld. Dei har no status som sikta.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Brann løbergsveien

FLAMMAR: Det var veldige flammar og mykje røyk i den dramatiske brannen måndag kveld.

Foto: NRK-tipsar

Det var i ettermiddag at det byrja å brenna i eit stort bustadhus i Løbergsveien i Bergen. Veldige flammar og svart røyk stod utor trehuset som skal husa tolv leilegheiter.

Brannen starta i enden på bustadhuset, og spreidde seg raskt til ein anna leilegheit. Bebuarane i huset og i nabohusa vart evakuerte. Først klokka 19.30 hadde brannvesenet kontroll, og kunne etter eit søk gjennom bustadhuset konstatere at det ikkje var personar i nokon av leilegheitene.

Sett i varetekt over natta

Rundt klokka 19.00 fortalde innsatsleiar Karsten Raa til NRK at to personar var tatt inn av politiet for å verta avhøyrt.

– Grunnen er at dei høyrer til i huset, og vi ønskjer å få svar på kvifor det byrja å brenne i huset, forklarte han.

No er dei mennene i 30-åra varetektsfengsla over natta. Dei skal høyra til i huset.

– Har status som sikta

– Dei to hadde først status som vitne i saka, men etter å ha motteke nærare opplysningar har desse no status som sikta, fortel politiadvokat Laila Skeide som er svært sparsommeleg med opplysningane.

– Vi mistenkjer at dei har ein tilknyting til brannen, men eg ønskjer ikkje å kommentera dette ytterlegare, held ho fram.

Dei to mennene vil ifølgje Skeide også bli avhøyrt i morgon.

Brannen som starta ved 17.30-tiden i Løbergsveien i Bergen er nå under kontroll. Det var full fyr i trehuset med 12 boliger. Beboerne i bygningen og nabohusene ble evakuert. Brannvesenet har gjennomsøkt hele bygningen, uten å finne noen.

SJÅ VIDEO: Brannen i Løbergsveien måndag.