Åtte båtar, fem redningshundar og 30 personar deltok i redningsaksjonen på Etnefjorden laurdag ettermiddag. Leitinga held fram for fullt i kveld.
Redningsskøyta «Bergen Kreds» har leita i fjorden sidan tidleg i føremiddag.
– Me søkjer i overflata med kikkert og me søker etter dei sakna ved hjelp av varmesøkande kamera, fortel skippar Stig Skarshaug på «Bergen Kreds».
Leita med varmesøkande kamera
Dei har også deltatt i søk med varmesøkande kamera på land, på begge sider av Etnefjorden.
– Førebels har me ikkje funne nokon, seier Skarshaug.
LES OGSÅ:
«Bergen Kreds» har søkt inn og ut Etnefjorden åtte gongar og har no blitt flytta lenger ut og vest, til øyene rundt Romsa.
– Ein brådjup fjord
– Det er HRS som delegerer leiteområde. Me hadde først ansvar for ytre del av Etnefjorden, men har no fått beskjed om å leita lenger vest, fortel skipparen.
– Korleis går leitearbeidet?
– Det er vanskeleg å vita kor stort område me skal leita i. Fjorden er ikkje så brei, men den blir raskt brådjup, slik at det kan vera vanskeleg å søka med sjøkikkert, seier Stig Skarhaug.
Klokka 14.00 i ettermiddag blei også ein båt som kan skanna botnen på fjorden sett inn i redningsarbeidet.
Den omfattande leitinga hadde ikkje gitt noko resultat ved 23-tida i kveld.
Den omkomne og dei sakna var med i ei gruppe på ni polske menn. Dei fem som blei att på land har fått hjelp av kommunen sitt kriseteam.
Mannen som er funnen omkommen er 28 år. Alle dei ni er mellom 22 og 28 år, ifylgje politiet.