Hopp til innhold

Har plassert juletre ved leielinja for blinde

På togstasjonen i Bergen har Jernbaneverket sett opp juletre ved leielinja for blinde og svaksynte. – Veldig problematisk for dei som stolar på linjene, seier Marianne Fossum i Norges Blindeforbund.

juletre jernbane

JULETRE LANGS LEIELINJA: Jernbaneverket har plassert årets juletre like ved leielinja svaksynte og blinde skal kunne bruke for å finne fram inne på stasjonen.

Foto: Ole-Christian Bjarkøy

I desember dukkar julepynt opp i heile bybildet, men på Jernbanestasjonen i Bergen kom Ole-Christian Bjarkøy i går kveld over dekorasjon som hadde fått ei uheldig plassering.

– Eg spaserte langs leielinja, og kom til eit juletre. Eg er verken blind eller svaksynt, men det slo meg at ein som er svaksynt vil treffe treet, seier Bjarkøy.

Bjarkøy posta biletet på Twitter sida til NSB for å gjere dei merksame på plasseringa. Det synte seg å vere Jernbaneverket som stod bak dekorasjonen.

Laster Twitter-innhold

– Det er jo ein smule uheldig. Sikkert ikkje gjort med vilje, men det kan jo bli problem for dei som ikkje ser treet stå der, seier Bjarkøy.

– Kan gjere at folk sluttar å bruke leielinjene

Dette er veldig problematisk for svaksynte og blinde som stolar på leielinja, seier Mariann Fossum i Noregs blindeforbund.

Slike ting er fortvilande for dei som ikkje kan bevege seg rundt omkring i byen.

Marianne Fossum, Norges blindeforbund

– Dei som stolar på leielinjene og er vande med å bevege seg etter dei, bevegar seg raskt. Ein kan jo tenke seg sjølv kva som skjer når noko står langs leielinja.

– Når det fyrst finst ei leielinje skal ein kunne gå ut frå at den er trygg. Nokon har lagt den der fordi den skal brukast til noko, seier Fossum.

Noregs blindeforbund får mykje meldingar frå medlemmene sine om leielinjer som ikkje fungerer. Dette gjer også at svaksynte og blinde kan slutte å stole på hjelpelinjene, seier ho.

– Har du fyrst gått på eit juletre, så følgjer du kanskje ikkje leielinja neste gong. Slike ting er fortvilande for dei som ikkje kan bevege seg rundt omkring i byen.

LES OGSÅ: Taxisjåfører avviser blinde med førerhund

– Det har fått ei litt uheldig plassering

Inge Hjertaas informasjonssjef Vest Jernbaneverket

– LITT UHELDIG: – ME skal sjå om me finn ein anna plass til treet, seier Inge Hjertaas i Jernbaneverket.

Foto: NRK

Då NRK ringer Jernbaneverket, kjenner ikkje informasjonssjef Inge Hjertaas til at juletreet har fått plass ved leielinja inne på stasjonen. Etter å ha sjekke med stasjonen, vedgår han at treet ikkje burde stå der.

– Me må vere einige i at det har fått ei litt uheldig plassering. Det skuldast at det var rigga til for at juletreet skulle stå der, og så er stripa komme seinare.

– Det er berre der det er fysisk mogleg at treet kan stå i dag. Men me skal sjå om me finn ei anna plassering, seier Hjertaas.

LES OGSÅ: