Hopp til innhold

Har laga fantomteikning av overfallsmannen

Seks veker har gått sidan ei 15 år gammal jente blei overfallen i Kanadaskogen i Bergen. No har Kripos laga ei fantomteikning av mannen som angreip ho.

Kanadaskogen

KANADASKOGEN: Den 15 år gamle jenta var på joggetur i Kanadaskogen då ho vart overraska av ein mann på turstien som tok tak i ho og slo ho i andletet. No har Kripos laga fantomteikning av mannen.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Ei 15 år gammal jente blei laurdag 16. august overfallen av ein mann i Kanadaskogen i Bergen. Jenta var på ein joggetur rundt Tennebekktjernet, då ein mann tok tak i ho og slo ho i ansiktet.

Jenta klarte etter kvar å kome seg laus, og sprang frå staden. Politiet har etterlyst vitne til overfallet. Mellom anna ein turgåar med hund, som jenta trefte like før mannen gjekk til angrep på ho.

No har Kripos laga ein fantomteikning av mannen, skriv BA.no. Teikninga av mannen blir so langt berre brukt internt i politiet, og er sendt ut til alle einheitar i Hordaland

Framleis ingen mistenkte etter overfallet

kanadaskogen

TUROMRÅDE: Den 15 år gamle jenta var på joggetur rundt Tennebekktjernet mellom Fyllingsdalen og Nipedalen, også kjend som Kanadaskogen då ho blei angripen.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Det er no litt over seks veker sidan overfallet skjedde. Tidlegare har 15-åringen vore gjennom ein fotokonfrontasjon, utan at det gav noko resultat. Jenta skal no få sjå bilete av fleire moglege gjerningsmenn.

– Me har framleis ingen mistenkte. Dette er personar plukka ut frå modus og skildring, seier Kjersti Opdahl, politiførstebetjent ved Bergen vest politidistrikt, til avisa.

Mannen vert skildra som over 180 cm høg, mellom 20 og 35 år og hadde på seg ein mørk hettegenser eller jakke.