Hopp til innhold

Har kun ein lastebil med på kvar fjerde avgang

Etter årelang kamp fekk Fjord Line endeleg lov til å frakta tungtransport langs kysten. Men på 60 avganger har berre 15 lastebilar vore med.

Danskebåten

LITE INTERESSE: Fjord Line kan ta med seg vogntog mellom Stavanger og Bergen, men førebels har ikkje mange nytta seg av tilbodet.

Foto: Monica Stoknes / 03030-tipser

Fjord Line sin kamp for å få lov til ta med tungtrafikk mellom Bergen og Stavanger på danskebåtane sine, har pågått i mange år.

Regjeringa sa til slutt ja, og i desember i fjor kom ny tollforskrift som opna for innanrikstrafikk på ferjene mellom dei to vestlandsbyane.

Men so langt har ikkje reisetilbodet vore nokon suksess i det heile tatt.

Fleire hadde valt det om prisen var lågare.

Distriktsleiar Birthe Minken i Lastebileigarforbundet

15 lastebilar i januar

På dei første fire vekene har Fjord Line hatt 60 avgangar mellom Stavanger og Bergen, men berre 15 lastebilar og kring 150 passasjerar har vore med på reisa.

Dei er likevel ikkje misnøgd med starten, og meiner dei ser ein positiv utvikling.

– Tilbakemeldinga vi har fått frå tungtransportkundar og vanlege passasjerar er at dette er eitt godt og rimeleg tilbod, seier kommunikasjonsdirektør Eva Sørås Mellgren i Fjord Line.

Fjord Line har tidlegare rekna med at dei kan frakta 100 vogntog mellom Bergen og Stavanger kvar dag.

Køer på E39 mot Halhjem

STOR TRAFIKK: Store mengder vogntog køyrer kvar dag på vegen mellom Bergen og Stavanger, som her i ferjekø på E39 ved Halhjem i Os.

Foto: Jan Petter Svendal

Meiner for få veit om det

Mellgren peikar på fleire årsaker til dei låge trafikktala. Mellom anna at kanskje for få har fått med seg at det går an å ta båt mellom Stavanger og Bergen.

– Vi opna ikkje for booking på denne strekninga via nettsidene våre før i midten av januar. Vi har heller ikkje starta marknadsføringa av ruta noko særleg aktivt, forklarer Mellgren til NRK.

Det har ikkje vore mogleg å ta båt direkte mellom dei største byane på Vestlandet sidan Flaggruten vart lagt ned etter 53 års drift i 2013.

– Burde vore billigare

Å velja sjøvegen framfor E39 kostar i dag rett over 4000 kroner for dei største køyretøya. Distriktsleiar Birthe Minken i Lastebileigarforbundet meiner det er for dyrt.

– Fleire hadde valt det om prisen var lågare, det kan eg lova deg, meiner Minken.

Ho har prøvd å forhandla fram gode prisar for medlemmane sine på turen, men føler ho ikkje har lukkast heilt.

– Miljøet er veldig viktig i desse tider. Hadde vi fått fleire lastebilar over på Fjord Line, hadde det vore veldig positivt.

I Fjord Line har dei god tru på å få med seg fleire passasjerar innanriks i månadane som kjem.

– Vi har jobba i mange år for å få dette til og dette er eit tilbod vi har stor tru på at vi skal lukkast med, avsluttar kommunikasjonsdirektør Eva Sørås Mellgren.