Laurdag ettermiddag blei det meldt om brann i eit bustadhus i Sveio. Tre personar budde i huset, og då politiet berre fekk kontakt med to av dei .
– Tredjemann kom til rette i natt. Han hadde vore på besøk då huset tok til å brenna i går, seier operasjonsleiar Norunn Byrknes i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Dermed er alle bebuarane i huset komne til rette.
Bustadhuset fekk store materielle skadar i brannen og brannvesenet frykta laurdag at det kunne rasa saman.
Brannårsaka er førebels ukjent.
– Vanlege undersøkingar vil bli gjort på brannåstaden i morgon, opplyser Byrknes.