Hopp til innhold

Han er Olav H. Hauge på Facebook

Kvar dag publiserer facebooksida Olav H. Hauge eit dikt for dei over 7000 følgjarane. Bak sida sit Amerikas største Hauge-fan, Jackson Crawford, i øydemarka utanfor Los Angeles.

Jackson Crawford

FORMIDLAR HAUGE: Jackson Crawford administrerer facebooksida Olav. H Hauge.

Foto: Privat

– Eg gleder med yver å sjå kor mykje interessa det enno er i dikti åt honom Hauge; eg fekk aldri drøymt at det var so mange andre som var so glade i å lesa det som ein ven, med rett, nemner «det magiske målet til Hauge», skriv Jackson Crawford, administrator av facebooksida Olav H. Hauge, i ein e-post til NRK.

– Men so er det, og so er Facebooksida vorti ein suksess, utan å selja noko men berre med å fremja dikti inn i kvardagen.

Crawford arbeider som norrønt- og norsklektor ved Universitetet i California. Kvar dag publiserer han Hauge-dikt for over 7000 følgjarar, frå andre sida av Atlanterhavet.

Vil gje folk poesi i kvardagen

– Eg las eingong at dei fleste ikkje les éi onnor bok etter universitetsåra. Det er kann henda ikkje so drastiskt i Noreg, men mange har ikkje tid til å sitja ned og lesa gjenom ei bok eller ei tidsskrift og finna fram til noko som er meiningsfullt for deim. Dette er spesielt sant når me snakkar um vers, som folk oftast ser i store samlingar, der dikt kjem etter dikt etter dikt i ei uendeleg rekkja.

Crawford seier han ønskjer å skubbe poesi inn i kvardagen til folk, og meiner Facebook er ein god plass å gjere dikt meir tilgjengeleg.

– Eg trur at dikt er best lesne når dei er sédde isolera frå kvarandre, éin no, éin seinare, so at ein har tid for å tenkja nøgnare på deim og sjå kva diktaren meinte, kor sterke og ekte ordi var eller ikkje var. Eit daglegt dikt er ein god formel, og å finna det på Facebook når ein loggar inn for å prata med vener er (vonande) litt yverraskande og tankevekkande, skriv Crawford.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jackson Crawford

EIT DIKT KVAR DAG: Crawford meiner Facebook høver godt til å gjere poesi meir tilgjengeleg for folk

Foto: Privat

«The poets lie too much»

Crawford blei kjend med Hauge gjennom den amerikanske diktaren Robinson Jeffers, som Hauge i si tid omsette til norsk.

– Den amerikanske skalden Robinson Jeffers sa at «The poets lie too much.» Eg les mange moderne diktarar og ser berre prat um det som er inne, um kven diktaren verkeleg er eller um (anten gode eller vonde) idealar og uekte tilhøve, seier Crawford.

– Men eg er interessera for den ekte verdi, eg vil ikkje koma meg ut av henne. Å lesa um kven nokon diktar eigentleg er, er berre meiningslaust for oss andre som ikkje er der inne. Diktarane som eg likar best, er dei som skriv um den ekte, um denne verdi under soli – diktarane som skriv med ein ærlegdom som kjem berre frå å ha lote arbeida for sitt daglege brød. Hauge er slik ein skald.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lyrikeren Olav H Hauge

LYRIKAR: Olav H. Hauge

Foto: Engen, Torolf / SCANPIX

Hauge-senteret følgjer med

– Eg har hatt gleda av å følgje med på denne sida ei tid, og ser fram til eit nytt Haugedikt kvar dag. Han finn fram gode døme frå Hauge sitt forfattarskap, seier dagleg leiar ved Hauge-senteret, Geir Netland.

Geir Netland

FØLGJER SIDA: Leiar ved Olav H. Hauge-senteret, Geir Netland

Foto: Olav H. Hauge-senteret

Men medan Olav H. Hauge sida, styrt av ein amerikanar frå USA har over 7000 følgjarar, har sida til Hauge-senteret i skrivande stund 479.

– Her har de eit potensial til å nå fleire?

– Ja, definitivt. Men Hauge senteret er under oppbygging. Me opnar for fullt neste år, og er no inne i ein fase der me både skal fylle sidene med innhald, oppdatere facebooksidene, og opne ei ny utstilling i mai.

Han held fram:

– Men me er veldig obs på alle desse sosiale arenaene, og ønskjer å vere til stades på dei, seier Netland og stadfestar at me kan vente oss meir aktivitet på sosiale medium frå Hauge-senteret framover.

Nynorsk var kjærleik ved fyrste blikk

Jackson Crawford studerte historisk lingvistikk, og vart interessert i norrønt og i historia til dei skandinaviske språka, særleg dei norske dialektane. Som del av doktorgraden sin valde han å studere norsk, som på utanlandske universitet gjerne er bokmål.

– Eg var relativt uinspirera av bokmål – eg las ingen litteratur i bokmål som var serleg original eller påverkande – og det var vanskelegt å skynja (for ein lingvist som begynte med norrønt) korleis språket i røyndom fungera, sidan det var som ein bastard, med eitt ljod eller ord frå dansk her, eitt frå norrøne røter her.

Han skildrar sitt fyrste med nynorsk som kjærleik ved fyrste blikk.

– Men då eg fyrst møtte nynorsk, var det mykje lettare for meg å skriva og tala flytande, sidan eg kunde ha tillit på det store norrøne ordforrådet mitt, og det var so mange interessante og originale forfattarar og diktarar, skriv Crawford og nemner Garborg, Hauge, og Jan-Magnus Bruheim som favorittar.

Skriv som Hauge

Olav H. Hauge

SKRIV PÅ SAME MÅL: Jackson Crawford nyttar mykje same nynorsknormalen som Olav H. Hauge

Foto: NTB scanpix

Jackson Crawford skriv sjølv på ei form for nynorsk som liknar på den Hauge nytta.

– Eg likar språket, nyt korleis det klangar. Ein lyt vera byrg yver sitt eige språk, synest eg, og klassisk nynorsk har både ei djuprøtt sømd og verdet av å ha aldri vorte eit prestisjespråk, eit steg som drep spontanitet i eit språk med det same.

– Det er ofte hævda at Hauge sin norsk er arkaisk og vanskeleg å skynja, men for meg, utlending som lærde norsk frå å lesa gamle bøker og gamle grammatikk, er Hauge-nynorsk meir forståeleg enn bokmål. [..] Dei fleste bøkene (eller sers mange) som eg les på norsk, er på klassisk nynorsk, og difor har dette språksteget skapt det som er «normal» norsk for meg.

Crawford er medlem i Høgnorskringen og Norsk Måldyrkingslag. Han har òg omsett fleire av Robinson Jeffers sine dikt til nynorsk for Norsk Årbok 2013, utgjeven av Høgnorskringen.

Amerikas største Hauge-fan

Crawford har aldri møtt nokon i Amerika som kjenner til Hauge, sjølv ikkje blant dei som er interessert i poesi eller skandinavisk litteratur. Men sjølv meiner han Ulvik-poeten er moderne, og framleis interessant for folk i dag.

– Olav H. Hauge er relativt moderne – han døydde berre tjuge år sidan – og difor betre skynjande for oss en dei fleste tidlegare skaldane, for han skriv innum ei verd me kjenner. Men samstundes skriv han på ein tidlaus måte, um kjenningar og syn som folk likleg vil ha enno når me alle er daude.

– Har du eit favorittdikt av Hauge?

– «Kom ikkje med heile sanningi.» Titelen åleine er perfekt!