Hopp til innhold

Sprenginga gjekk ikkje heilt etter planen

Det 56 år gamle landemerket skulle jamnast med jorda og seljast som skrapjern. Men kjempekrana ville det annleis.

Sprenginga av den gamle krana i Leirvik på Stord gjekk ikkje heilt som planlagd.

SJÅ VIDEO: Kværner Stord skulle fyre av 20 dynamittsalver, men ikkje alle gjekk av. Video: Per Egil Larsen, avisa Sunnhordland.

«Goliat»-krana har stått som eit landemerke på Stord i Sunnhordland sidan den først kom til øya i 1969. Ved Kværner sitt verft i Leirvik har den 71 meter høge krana gjort tunge løft i alle år, før den vart erstatta av ei enno større kran i fjor haust.

«Storen» vart døypt i november i fjor og med ei nær dobbelt så stor kran på plass, var det ikkje lenger behov for løftejobbane til «Goliat».

Difor skulle den gamle krana sprengast sønder og saman i dag.

Nekta å kollapse

Kværner Stord sette opp tryggleikssone, sette på 80 ladningar med dynamitt og fyrte av klokka 11.30. Eit stort smell runga over demoleringsanlegget på Eldøyane.

Men krana rikka seg ikkje.

– Sprenginga gjekk ikkje heilt etter planen nei. Det var ikkje alle ladningane som gjekk av, forklarar kommunikasjonssjef Odd Naustdal i Kværner.

Han seier at dei no har sperra av demoleringsanlegget som ligg for seg sjølv ute på Eldøyane, og at det er vakter som passar på området døgnet rundt.

Skal undersøka krana i morgon

I morgon skal krana få ein grundig undersøking. Kværner skal gjennomføra ei kalkulering av reststyrken i stålkonstruksjonen på krana.

– Er det fare for at krana ramlar ned av seg sjølv?

– Det er ein av dei tinga vi må undersøkje og vurdere, seier Naustdal.

Heile morgondagen kjem til å gå med til dette arbeidet. Når Goliat omsider går i bakken og vert selt som skrapjarn er førebels uvisst.

– Gir seg ikkje så lett

I utgangspunktet skulle sprenginga gå føre seg på fredag, dagen før nasjonaldagen. Men dårleg vêr utsette heile operasjonen til i dag.

– Det ser ikkje ut som han gir seg ikkje så lett. Han vil vel stå litt til, avsluttar Naustdal.

Det er selskapet AF Decom AS som har fått oppdraget med å fella kranen. Avisa Sunnhordland skriv at det vart nytta 55 kilo med C4 plastikksprengstoffa fordelt på 80 ladningar for å få Goliat i bakken.

Ikkje alle gjekk av, og dermed får Goliat leva vidare på ubestemt tid.