Hopp til innhold

Sol og varme ga opplevingsparkar ein fantastisk start på sommaren

Ein solfylt og varm vår og forsommar har gjort at fleire av landets største parkar har hatt auke i talet på besøkande i løpet av årets første seks månadar.

Mikkelparken i Kinsarvik i Ullensvang

FINT VÊR: Den lange perioden med fint og varmt vêr i Sør-Noreg i vår og i starten på sommaren har fått fleire til å reisa til opplevingsparkar som Mikkelparken i Hordaland.

Foto: Mikkelparken

Fint og varmt vêr har prega store delar av Sør-Noreg på våren og forsommaren i år. NRK har sjekka med dei største opplevingsparkane i landet korleis dette har verka inn på besøk til besøkstala deira.

– Me har hatt flott auke i besøkstalet, og i forhold til i fjor på same tid er det ein auke på heile 25 prosent, seier marknadsansvarleg Lars Instanes i Mikkelparken.

Mikkelparken ligg i Kinsarvik i Hordaland og medan parken i fjor hadde 15.800 besøkande i løpet av første halvår har den så langt i år hatt 19.700 besøkande. Det er rekordhøgt besøkstal for første halvår.

Mikkel i Mikkelparken

MIKKEL: Mikkelparken er bygd opp rundt historia om ein rev som stal sko i området rundt der parken ligg.

Foto: Mikkelparken

– Med så bra besøkstal så langt så forventar me ein flott auke for heile året totalt, men sjølvsagt kan vêret snu også, men det verkar veldig bra så langt, seier Instanes.

Fint vêr og ny bru trekk folk

Marknadsansvarleg i parken meiner den fine våren og forsommaren utan tvil har bidrege til auken i talet på besøkande.

– Det er heilt klart vêret, og juni var ein flott månad, seier Instanes.

I august i fjor blei Hardangerbrua mellom kommunane Ulvik og Ullensvang opna, og etter at brua opna har Mikkelparken opplevd at fleire som bur på nordsida av Hardangerbrua har tatt turen til parken på sørsida.

– Det er fleire og fleire som tar dagsturar, frå Bergen, Voss og andre delar av Hardanger, og dei kjem oftare på besøk igjen. Det er kjempe kjekt, forklarer Lars Instanes.

Ønskjer overskya vêr i juli

Litt lenger sør på Vestlandet, i kongeparken i Rogaland har det vore 17 prosent fleire besøkande i løpet av første halvår i år. I tillegg til fint vêr har også ei nyheit i parken bidrege til fleire besøkande , meiner dagleg leiar.

– Å ha slikt vêr som me har hatt frå påske og framtil no er fantastisk, men i hovudsak er det nok det at me hadde ope i påska og opninga av Gråtass-land som har bidrege til auke i talet på besøkande hos oss, seier dagleg leiar og Lekemester Håkon Lund.

Gråtass hovedbilde

NY I PARKEN: Gråtass-land opna i år i Kongeparken i Rogaland. Det trur dagleg leiar har bidrege til fleire besøkande.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

Dyreparken i Kristiansand har også hatt ein bra forsommar, med 20.000 fleire besøkande i juni i år samanlikna med i fjor.

– Me har hatt den beste juni nokon gong og starten på juli lovar bra. Om forsommaren kan det ikkje bli for fint vêr og slik det har vore i år med varmt og fint i lange periodar er heilt optimalt. For resten av sommaren ønskjer me litt overskya vêr, så det ikkje blir for varmt, men me vil sjølvsagt ha sol og sommar, seier administrerande direktør Per Arnstein Aamot.

LES OGSÅ: Tidenes beste påske for Dyreparken

Nye attraksjonar gir fleire besøkande

I Hunderfossen Familiepark har det første halvår i år vore 10 prosent fleire besøkande i år enn i fjor.

– Me er veldig godt fornøgd med starten på årets sommar, men me veit ikkje heilt om det er årets berg- og dalbane nyheit i parken eller sommarvêret som har bidrege mest til auken. Me hadde 270.00 besøkande i fjor og det er lov å håpa at me passerer det i år, seier konsernsjef Per Arne Slapø.

LES OGSÅ: Prøvekjør den nye berg-og dalbanen | Krangler om Il Tempo Gigante

Tusenfryd melder at besøkstalet så langt i år vore likt som i fjor. Økonomidirektør Iver Fyksen opplyser at parken hadde eit bra år i fjor der ei nyheit trekte mange gjestar, og dei er nøgde med å ligga på same nivå i år.

Våren har ikkje vore like fin og varm i Nord-Noreg. I Polar Park i Troms var det kaldt og dårleg vêr på forsommaren, slik at besøkstalet ikkje var særleg høgt denne perioden. Vêret og besøkstalet betra frå midten av juni.

Bø Sommarland hadde ein fantastisk sommar i fjor og besøkstala har så langt i år vore på 35.000. Dette er litt mindre enn same tid i fjor, men administrerande direktør i Bø Sommarland, Mattis Willms, forklarer det med at den siste veka har vore regn og stygt vær.

LES OGSÅ: Her er et rekordtidlig vårtegn!