Hopp til innhold

Regnet gjorde skade for fleire millionar

Forsikringsselskapa har fått godt over 300 skademeldingar etter ekstremregnet i Bergen og omegn i helga.

Fjøsangerveien

BASSENG I FJØSANGERVEIEN: Slik var forholda på E 39 i Fjøsangerveien fredag ettermiddag. Fleier bilar stoppa då dei fekk vatn i motoren.

Foto: Pål Bentdal

– Det er ein del som har ringt inn i dag. Helga er over, folk har fått summa seg og har fått meir oversikt. Så det at folk ringjer inn først i dag er heilt forståeleg og forventa, seier pressetalsmann Roald Stigum Olsen i forsikringsselskapet Tryg.

Han fortel at selskapet har fått inn kring 150 meldingar etter monsterregnet i helga.

– Det meste er vasskadar. Vi visste dette ville komme, og har hatt ekstra bemanning i dag for å ta unna alle meldingane.

60 mm på seks timar

Det vart kaos på fredag då himmelens slusar opna seg – på det meste kom det om lag 60 millimeter nedbør på seks timar. Vegar fløymde over og mange fekk vatn inn i kjellarane sine.

– Det var flest meldingar på fredag og laurdag, og det meste var frå Bergen. Så vart det stille før det tok seg opp att utover ettermiddagen på sundag, seier Stigum Olsen.

Også Gjensidige har i løpet av helga blitt kontakta av folk som vart råka av dei store nedbørsmengdene.

– Vi har rundt 200 vasskadar på Vestlandet, og dei aller fleste er i Bergen og omland. Det var veldig mykje vatn. Dette skjedde på ein fredag, ein travel utfartsdag, slik at det vart veldig merkbart for mange, seier informasjonsansvarleg Arne Voll.

Millionskadar

Laurdag sa forsikringsselskapa at dei venta seg store utbetalingar etter det kraftige regnvêret. Ifølgje Voll er snittet på erstatningane kring 30.000–50.000 kroner.

– Dei aller fleste skadane er vatn inn i hus, der kjellarar har blitt fylt opp. Det einaste som er heilt sikkert, er at det blir fleire millionar kroner berre hos oss i Gjensidige, seier han til NRK måndag.

Skadane som vert meldt inn varierer i omfang. Alt frå dei små sakene til meir dramatiske totaløydeleggingar.

– Men folk flest har gått klar. Hordalendingane har vore flinke til å førebu seg og demme opp. Vi trur snittet på erstatningane blir litt lågare enn det som er vanleg for eit slik uvêr. Men erfaringa vår er at vasskadar er dyrare enn andre skader, seier Stigum Olsen.

Bilar drukna

I tillegg kjem meldingane om skadar på båtar og bilar. Fleire har funne båten sin liggande under vatn, og E 39 ved Fjøsangerveien minna mest om ei stor elv på fredag. Det har gjort skade på mange bilar.

– Det er nokre titalsbilar som rett og slett har "drukna", seier Voll.

I heile helga har Gjensidige hatt ekstra bemanning, og til liks med Tryg tek dei måndag framleis i mot meldingar. Fullstendig oversikt over skadeomfanget etter uvêret har ikkje forsikringsselskapa enno.

– Vi tek fortløpande i mot skademeldingar frå kundar, og har folk ute for å hjelpe dei som treng det. Nokre har meir behov for akutt hjelp enn andre, avsluttar Voll.