Hopp til innhold

Gjorde opprør då butikken forsvann

Då Coop-butikken på Stamnes i Vaksdal vart lagt ned, gjorde bygdefolket opprør. På dugnad pussa dei opp lokala, og i går opna daglegvarehandelen til stor glede for kundane.

Torsdag 28.02 opna den etterlengta butikken i den lille bygda Stamnes. Storfeiring!

VIDEO: Sjå opningsfesten til Stamnes Handel. Til kundane si store begeistring vart det blant anna servert marsipankake. Foto/redigering: Tim Christian Wassmo

– Det ser kjempebra ut her. Eg trur vi kan seie at det er den finaste Joker-butikken i heile Hordaland i dag, seier ein strålande nøgd nestleiar Erling Stamnes i Stamnes Handel AS.

Erling Stamnes

STOLT OG GLAD: Nestleiar i Stamnes Handel, Erling Stamnes, kunne endeleg invitera bygdefolket inn i den nye butikken.

Foto: Tale Hauso / NRK

Torsdag opna den nye butikken på Stamnes, der det bur rundt 400 menneske. Rundt 3000 arbeidstimar har blitt brukt, og over 70 personar har vore med på dugnad for å få tilbake butikken i bygda.

– No får vi verkeleg løn for alt arbeidet. Eg er kjempeglad, og det gjeld ikkje berre meg, men heile bygda. Folk kjem og takkar for innsatsen vi har gjort, seier Stamnes.

Viktig samlingspunkt

I august i fjor la Copp-ned butikken grunna for låg omsetnad. Dette skjedde sjølv om butikken faktisk gjekk med overskot. Dei fleste av innbyggarane vart så skuffa at dei melde seg ut av Coop og tok ut kjøpeutbyttet.

– Butikken betyr utruleg mykje for oss. Det er eit viktig samlingspunkt i bygda, og vi merka veldig godt mangelen når butikken ikkje var her, seier nestleiaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stamnes butikkopning

MYKJE FOLK: Mange hadde tatt turen for å vera med på opninga.

Foto: Tale Hauso / NRK

Rundt og på Stamnes bur det kring 400 personar. Når dei då skulle handla, måtte dei køyra til Dale.

– Butikken er spesielt viktig for dei eldre som ikkje kan flytta på seg og som ikkje har bil. Då er det viktig for dei å ha ein butikk i nærområdet, så det betyr mykje, svarar han.

Opningsfest

mann

FLOTT: Kunde og lokalmann Arnjolt Møster syntest butikken var blitt veldig flott.

Foto: Tale Hauso / NRK

Torsdag ettermiddag var det offisiell opning av den nye butikken med korps, klipping av snor, talar og ikkje minst kake og kaffi.

– Det har blitt veldig flott, og den er så oversiktleg, seier kunde og lokalmann Arnjolt Møster.

Han meiner det er ein viktig stad for dei som bur på Stamnes.

– Når Coop sa takk for seg, så var det veldig bra at folk stod på for å få ein ny butikk, seier Møster.

Imponert over Stamnes-folket

Oddny Kallestad er veldig nøgd med butikken og imponert over Stamnes-folket.

– Eg visste ikkje at vi hadde så flinke folk her i bygda som kan alt. Dei har jobba seine kveldar for bli ferdig.

Ho syntest det var stille og utriveleg i sentrum då den fyrste butikken var lagt ned.

– Vi såg nesten ikkje bygdefolket. Så det var kjekt når dugnadane byrja, for då vrimla det med folk igjen. No er butikken her, og vi har i tillegg fått ein kaffikrok der vi kan møtast, seier Kallestad.

No håpar ho at mange vil nytta seg av butikken.

– Om ein skal driva butikk, så er ein avhengig av at det kjem kundar, seier Kallestad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Opning butikk Stamnes

SNORKLIPPING: Erling Stamnes kunne klippa snora og ønskja kundane velkomen.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Eg står her og sprudlar!

Erna Stamnes bur på gamleheimen rett ovanfor butikken og er veldig glad at denne dagen endeleg er her.

– Det er så fantastisk! Eg går rundt her og smiler og snakkar med folk. Blomar var det fyrste eg kjøpte, for i dag skal det feirast. Eg er så glad at eg står her og sprudlar, ler Stamnes.

Større oppslutnad i lokalmiljøet

Bygda har samla saman pengar i og fått tilskot frå kommunale næringsfond og det statlege Merkur-programmet for nærbutikkar i distrikta. Slik har dei kunna etablera eit lokale eigd butikkselskap, Stamnes Handel.

Stamnes publikum

TOK TUREN: Både store og små var med på den offisielle opninga torsdag.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det som skjer på Stamnes er eit godt døme på det som ofte skjer i små, livskraftige bygder. Når butikken forsvinn, fører det til ei folkeleg mobilisering. Her har dugnadsånda blomstra, seier Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

Det viser seg at nye folkeeigde butikkar får ofte større oppslutnad i lokalmiljøet og større handel enn det den gamle nedlagde butikken hadde.

– Det er i alle fall erfaringa vår, seier han.