Hopp til innhold

Arresterte gjerningsmann på Midttun camping

Gjerningsmannen som i går stakk eit familiemedlem med kniv på Midttun camping vart sundag arrestert. Seinare i dag blir han framstilt for psykiatrisk legevakt.

Midttun camping

ARRESTERT: Den 21 år gamle mannen vart arrestert på Midttun camping, og er sikta for bruk av kniv.

Foto: Tim Wassmo

Skadde får hjelp etter knivstikking

SKADD I FOTEN OG HANDA: Den fornærma blei stukke i foten, og hadde risp i handa laurdag. Gjerningsmannen skal vere i familie med fornærma.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

– Den sikta 21 år gamle mannen blei arrestert nokså stille og roleg av politiet i 13.20-tida i dag, seier Erik Hole som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt til NRK.

Mannen vart arrestert på Midttun camping og er sikta for bruk av kniv, og det skal ikkje ha vore dramatikk då mannen vart arrestert.

Det var laurdag væpna politiaksjon då gjerningsmannen stakk frå åstaden, og fem patruljar deltok i søket i området rundt Midttun camping.

Politijakt i sentrum

Det var òg søk mellom anna på bybanen, i Byparken, og på jernbanestasjonen. Politiet var væpna då gjerningsmannen hadde kniv. Denne mista han på jernbanestasjonen.

Laurdag kveld kom gjerningsmannen attende til Midttun camping, og stakk då òg frå staden. Sundag vart mannen arrestert.

Vert framstilt for lege.

– Me har kontroll på han, og me har ein god grad av oversikt på situasjonen. Det som skjer vidare er at mistenkte blir tatt med inn, og det blir avhøyr, seier Hole.

Bergens Tidende skriv at den sikta knivmannen er den same som i fjor sommar truga til seg ein bil i Sandviken med pistol. Politiadvokat Duc Nguyen seier til NRK søndag at mannen, som er av utanlandsk opphav, blir framstilt for psykiatrisk legevakt i løpet av dagen.

– Der skal det vurderast om mannen skal tvangsinnleggast eller om han kan førast tilbake til arresten.

Politijakt i sentrum

POLITIJAKT: Etter knivstikkinga gjekk det føre seg ein intens politijakt etter den sikta i Bergen sentrum. Her leitar politiet på bystasjonen.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK