Gjer vanskeleg ord og uttrykk forståelege for folk flest

To bergensarar har lenge irritert seg over byråkrat- og politikarspråket. Då irritasjonen tok overhand sette dei seg ned og skreiv «Ordbok for underklassen».

To bergensarar har lenge irritert seg over byråkrat - og politikerspråket, og har no skrive «Ordbok for underklassen».

VIDEO: Forfattarane fortel om bakgrunnen for boka, og NRK har sjekka kva folk på gata i Bergen trur dei moderne uttrykka betyr.

Uønska samhandlingshendingar, restmeistingsevne og styringsdialog. Dette er nokre av favorittane til Arne Klyve og Jon Severud blant det dei meiner er håplause ord og uttrykk.

– Me heldt eigentleg på med ei anna bok, men så dukka så mange av desse orda opp, og då tenkte me at dette må me laga ei ordliste på, fortel Jon Severud.

Endringsleiing, human kapital, benchmarking, aldersadekvate ferdigheiter, biomasse og håndhevelses bistand er også blant orda som blir forklart i Klyve og Severud si bok «Ordbok for underklassen».

Biomasse betyr for eksempel noko heilt anna enn restavfall, det betyr venteliste for behandling. Og aldersadekvate ferdigheiter er ein ny måte å kartlegga barn i barnehagen på.

I videoen i toppen på artikkelen kan du sjå kva folk på gata i Bergen gjetta at orda betyr.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arne Klyve og Jon Severud

FORKLARER VANSKELEGE ORD: Arne Klyve (t.v.) og Jon Severud har skrive «Ordbok for underklassen». Der gir dei forklaring på vanskeleg ord politikarar og byråkratar bruker.

Foto: Inger Åse Skage / NRK

– Dette er ein hersketeknikk

Omgrepet «New Public Managment» blir ofte sett i samband med språkbruken Klyve og Severud skriv om i boka si. I politikken er slik språkbruk blitt eit slags varemerke.

– Konsekvensen er at det gjer det vanskeleg for folk å delta i samtalen. Viss ein ikkje forstår, og det som står der er ullent, så er det vanskeleg å forholda seg til det. Slik me ser det er det ein spesiell måte å hersa og herska med folk på, seier Arne Klyve.

– Folk fell utanfor den offentlege debatten. Både vanlege folk, kven nå det er, og fagfolk bør kunna delta i den offentlege debatten, seier Jon Severud.

– Me ser på dette som ein hersketeknikk, seier Klyve.

Grete Faremo er ein «versting»

Det er ikkje berre dei to bergensarane som har sett seg leie på den tunge språkbruken hos blant anna politikarar. I går fortalde NRK at unge politikarar går til kamp mot uttrykket «i forhold til» og anna dårleg og uklar språkbruk.

Sjur Holsen

AKADEMISERING: Politisk redaktør Sjur Holsen i Bergens Tidende meiner ei generell akademisering i samfunnet vårt påverkar språkbruken på ein negativ måte.

Foto: NRK

Politisk redaktør i Bergens Tidende, Sjur Holsen, er einig med forfattarane i at tung språkbruk gjer noko med demokratiet. Han meiner noko av forklaringa til at særleg politikarar snakkar på denne måten er at ein prøver å bruka marknadstenking i offentleg sektor.

– Det gir ein del slike pussige innslag i språket. Men eg trur dette kanskje også har noko å gjera med den generelle akademiseringa; alle skal vera akademikarar i dag og me har fjerna oss veldig frå det me kan kalla det praktiske liv, seier Holsen til NRK.

– Kven er verst?

– Justisminister Grete Faremo stiller i ei klasse for seg. Ho har tatt dette til heilt spesielle høgder og snakkar eigentleg sitt eige språk, seier Holsen.

Journalistar har eit ansvar

Men han meiner det også finst positive unntak og trekk fram finansminister Sigbjørn Johnsen som ein politikar som kan uttrykka seg klart og fint.

Kva kan gjerast med denne språkbruken?

– Eg trur me alle kan vera flinkare, spesielt me journalistar som jobbar med språk, til å stilla tydelegare krav og seia «kva meiner du», seier Sjur Holsen.

Siste video


11Å finne seg ein plass å bu e ikkje alltid like lett, for ei aleinemor med 6 ungar.Då må ein vera kreativ, og kjapp når muligheten byr seg 
    

Bygde reir på ytterdøren

11Å finne seg ein plass å bu e ikkje alltid like lett, for ei aleinemor med 6 ungar.Då må ein vera kreativ, og kjapp når muligheten byr seg     

17.mai blir det nok igjen kapproing i Vågen i Bergen. Ildsjeler har fått bygget to nye båter, og håper at det skal skape liv laga for den 168 år gamle tradisjonen i Bergen.

Blåser liv i kapproingen i Bergen

17.mai blir det nok igjen kapproing i Vågen i Bergen. Ildsjeler har fått bygget to nye båter, og håper at det skal skape liv laga for den 168 år gamle tradisjonen i Bergen.

Skuespillerne i Skam forteller at de lever helt andre liv enn det som vises i den populære serien på NRK. Reporter: Mette Anthun

Skam-jentene på Gullruten

Skuespillerne i Skam forteller at de lever helt andre liv enn det som vises i den populære serien på NRK. Reporter: Mette Anthun