Onsdag reiser KNM «Fridtjof Nansen» tilbake til Afrikas Horn. Det er andre gong fregatten bidreg for å hindra piratangrep utanfor kysten av Somalia.
Fenrik Suzanne Loe var også med under det EU-leia oppdraget som starta i 2009.
– Eg er kjempespent og ser fram til å reisa, seier fenriken om bord på fregatten som skal vera flaggskip i den NATO-leia operasjonen Ocean Shield.
Kraftig reduksjon
Sidan førre gong den norske fregatten var ved Afrikas Horn har det skjedd ei markant endring i pirataktiviteten. I 2009 var 46 «vellukka» piratåttak mot handelsskip. Til no i 2013 har alle forsøk vorte avverga.
Norges Rederiforbund meiner det militære nærværet er den viktigaste årsaka.
– Den siste tida vore ein kraftig reduksjon i talet på angrep og kapringar i dette området. Det er ikkje fordi dei har lågare appetitt eller dårlegare kapasitet, men på grunn av sikringstiltaka, seier Sturla Henriksen som er administrerande direktør i reiarlagsforbundet.
LES ÒG: Sende orion-fly til Adenbukta.
– Blodåre for verdshandelen
Henriksen meiner det likevel er behov for at NATO framleis held opp trykket utanfor kysten av Somalia.
– Det er veldig viktig. Om ein byrjar å lempe på desse tryggleikstiltaka er me overtydde om at pirataktiviteten vil auka igjen, seier Henriksen til NRK.no.
Reiarane meiner innsatsen som NATO-styrkane har bidrege med har hatt mykje å seia for tryggleiken for skipstrafikken.
– Angrep på skipstrafikken i dette viktige området er eit angrep på ei av blodårene for verdshandelen, seier Henriksen.
Tidlegare har NRK.no fortald at oppdraget vil kosta opp mot 200 millionar.
– Spennande og meiningsfullt
Når KNM «Fridtjof Nansen» seglar ut frå Haakonsvern onsdag, er det med ei besetning på 148 i tillegg til ein internasjonal stab med 17 medlemmer.
– Eg meiner dette er både spennande og meiningsfullt. Det er ein viktig del av oppgåvene våre i NATO. I tillegg er det viktig for Noreg som sjøfartsnasjon å tryggja trafikken ved Afrikas Horn, seier skipssjef og kommandørkaptein Petter Kammerhuber.
I tillegg til fregatten som deltok i EU-operasjonen i 2009 og 2010, deltok Noreg og med eit orion-fly i 2011.
Sist fregatten var utanfor kysten av Somalia vart det fleire gongar skote mot skipet, som deltok i fleire bordingar av piratfartøy. Mannskapet på KNM «Fridtjof Nansen» kjem ikkje tilbake til Noreg før til jul.
– Det er ikkje alle som er glade for at eg vert borte så lenge, men slik er det. Det er ein del av jobben, seier fenrik Suzanna Loe som for andre gong set kursen mot Adenbukta.