Hopp til innhold

Vil innføre eigne klassar for nynorskelevane

Nynorskelevar blir ofte spreidd i ulike klassar når dei byrjar på ungdomsskulen. No vil Mållaget samle dei i eigne klasser for å bevare nynorsken.

Marit Aakre Tennø

VIL HA EIGNE NYNORSKKLASSAR: – Rapporten syner at sjølv om det er 10–12 nynorskelevar som byrjar på ungdomsskulane, så blir desse elevane med vage grunngjevingar delt opp i fleire klassar. Då er det vanskeleg å halde på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.

Foto: Pressefoto / Noregs Mållag

– Nynorskelevane seier dei kjenner seg sterkt nedprioriterte.

Leiar i Noregs mållag Marit Aakre Tennø

– Nynorskelevane opplever at det å hamne i eit stort mindretal gjer det vanskeleg for dei å halde på nynorsken, seier leiar i mållaget Marit Aakre Tennø.

Ho syner til den ferske rapporten frå PROBA samfunnsanalyse. I ei studie har forskarar intervjua elevar som har skifta frå nynorsk til bokmål då dei gjekk frå å vere elev i nynorskklassar til bokmålsklassar.

– Fleire lærarar som er intervjua i rapporten seier at desse elevane ikkje får tilstrekkeleg undervisning på nynorsk. Elevane seier og at dei kjenner seg sterkt nedprioriterte, seier Tennø.

– Vil ha eigne nynorskklassar

Rapporten tek for seg elevar som bur i randsonene for nynorsken, område der nynorsken i lita grad er i bruk.

– Omfanget av bokmål i skulekvardagen gjer at det blir vanskeleg for elevane i desse områda å halde på nynorsken. Rapporten syner og at skulane i liten grad gjer noko for å bøte på det.

Ho meiner noko som kan hjelpe på situasjonen er å la elevane få dei same rettane som ein i dag har i barneskulen, det vil seie moglegheita til å gå i eigne nynorskklassar.

– Rapporten syner at sjølv om det er 10–12 nynorskelevar som byrjar på ungdomsskulane, så blir desse elevane med vage grunngjevingar delt opp i fleire klassar. Då er det vanskeleg å halde på nynorsken, og difor ønskjer me eigne nynorskklassar på ungdomsskulen, seier Tennø.

LES OGSÅ: Den siste nynorskklassen - NRK – Rogaland

– Skulen kan gjere meir

– Nokre av elevane sa dei ikkje hadde lyst å skilje seg ut som dei einaste nynorskbrukarane i klassen.

Forskar ved PROBA Pia Dybdvik Stålesen

Bokmålsdominansen på skulen og i samfunnet er ein årsak til at elevar skiftar frå bokmål til nynorsk, ifølgje forskar ved PROBA Pia Dybdvik Stålesen

– Elevane me intervjua hadde komme over i blandingsklassar då dei gjekk frå barneskulen til ungdomsskulen. Fleirtalet av elevane meinte dette ikkje hadde betydning for at dei hadde byta hovudmål, men eit par sa dei ikkje hadde lyst å skilje seg ut som dei einaste nynorskbrukarane i klassen.

Stålesen meiner at sjølv om elevane sjølve ikkje peikar på skulen som ein aktør som har påverka dei i valet om å byte frå nynorsk til bokmål, så kan ein ved å legge til rette for nynorskelevar som er i mindretal, gjere skulen til ein meir positiv arena for nynorsken.

– Slik kan ein gjere at skulen ikkje blir nok ein arena der ein møter mindre og mindre nynorsk, seier Stålesen.

LES OGSÅ: Bokmål og nynorsk - ikkje så ulikt — Video — NRK Skole