Hopp til innhold

Giardiaoffera føler seg trakassert

Ti år etter giardiautbrotet i Bergen kjempar fleire framleis ein kamp for å få erstatning frå kommunen. – Dei kjenner seg mistenkeleggjort og trakassert av kommunen, seier talsperson for dei som vart sjuke.

Ti år etter giardiautbrotet i Bergen kjempar fleire framleis ein kamp for å få erstatning frå kommunen. – Dei kjenner seg mistenkeleggjort og trakassert av kommunen, seier talsperson for dei som vart sjuke.

I 2004, for over ti år sidan, vart nær 6000 bergensarar smitta med Giardia-bakterie gjennom det offentlege drikkevatnet. Framleis kjempar giardiaoffera som framleis slit med plagar etter utbrotet for erstatning

Ingrid Johannessen

TALSPERSON: Ingrid Johannessen er leiar for STERK, støttegruppe for giardiaoffera og pårørande i Bergen.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

– Fleire har opplevd trakassering, mistenkjeleggjering og ein tøff kamp mot kommunen, seier Ingrid Johannessen, leiar for STERK, støttegruppe for giardiaoffera og pårørande i Bergen.

Johannesen har i ti år vore talsperson for dei som vart sjuke etter utbrotet.

– Det at ein må kjempe mot kommunen når ein er og har vore så alvorleg sjuk, har vore heilt forferdeleg. Nokon har hatt det så fælt at dei har vurdert å ta livet sitt, og det tenkjer eg at nokon burde tatt på sin samvit, seier Johannesen.

– Korleis har dei opplevd kampen?

– Når det berre har vore motstand så vert det opplevd som ein skitten prosess av ein kommune som eigentleg skal ta vare på innbyggjarane sine. Det skulle ha vore unødvendig at kvar enkelt person må gå til rettssak for å få det dei har rett på, seier Johannesen.

– Det har gått altfor lang tid. Det er ein skam at det har gått så mange år, legg Johannesen til.

– Forferdeleg trist

Robert Rastad

RASKT UTE: Robert Rastad som er kommunal direktør meiner kommunen var raskt ute med å ta ansvar.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

– Eg synest det er forferdeleg trist om ein mistenke kommunen for å drive på med trakassering, seier Robert Rastad som er kommunal direktør i Bergen kommune.

Han meiner kommunen var raskt ute med å ta ansvar.

– Vi etablerte raskt ein erstatningsordning. Av dei 500 søknadane som vart sendt inn er det til saman tre stykk vi har hatt langvarige prosessar med, men vi har ikkje prøvd å trenere saker eller behandle folk på ein negativ måte, seier Rastad.