Hopp til innhold

Gatemusikken er borte

- Me fekk fleire klagar frå publikum og måtte reagere, seier politiet.

Gatemusikant
Foto: Ragnar Lurås / NRK

Saknar du trekkspelmusikken? Sei di meining i botn av artikkelen!

Politiet har den siste tida bortvist fleire gatemusikantar frå sentrum. Grunnen er at dei har motteke fleire klagar frå publikum og forretningsfolk.

- Musikken vert oppfatta som støy i og med at den same melodien vert spelt oppatt fleire gonger, seier stasjonssjef på Bergen sentrum politistasjon, Rune Solbakken.

Aggressive tiggarar

Politiet har òg fått klagar på det som vert oppfatta som aggressiv tigging. To personar har blitt bøtlagde med 3000 kroner kvar.

- Det er ikkje ulovleg å tigge, men me må reagere når publikum opplever det som trakkasering, seier Solbakken.

Ulovleg sal

Politiet har òg hatt fokus på ulovleg sal av mellom anna hattar og blomar i sentrum.
- Ein må ha løyve for å drive sal, seier stasjonssjefen.

Eit sommarproblem

- Desse problemstillingane er jo mest gjeldande på sommarhalvåret, og det er noko som me vil ha fokus på så lenge det er ein del av bybiletet, seier Solbakken.