Hopp til innhold

Krev pengar frå regjeringa til asylbarna

LO har fått med seg Redd Barna, Norsk Folkehjelp og NOAS i kampen om gratis advokathjelp til asylbarn.

Nathan Eshete og faren hans (t.v) i Oslo tingrett

ADVOKATHJELP: Advokat Arild Humlen (t.h.) tok saka til Nathan Eshete til Oslo tingrett, der han fekk medhold. Fem av sju asylbarn vant fram med kravet sitt, då Advokatforeningen tok på seg ei rekke asylsaker gratis.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Rettshjelpsdugnaden har som mål at nesten 600 asylbarn skal få prøvd sakene sine på nytt.

I eit brev til Justis- og beredskapsdepartementet ber no LO, saman med NOAS, Norsk Folkehjelp og Redd Barna regjeringa om pengar til fri rettshjelp til barna, slik at familiane ikkje risikerer å bli sendt ut av landet før saka deira har blitt behandla på nytt.

– Dette er fantastisk. Dette er fire store organisasjonar som kan vere med å påverke regjeringa til å gje pengar, seier iniativtakar Aina Heldal Bøe.

Ho reknar med at det vil koste éin million kroner å gje gratis rettshjelp til dei lengeverande asylbarna. Så langt har privatpersonar bidrege med 130 000 kroner.

I tillegg har fleire advokatar meldt seg til å jobbe gratis for å la asylbarna prøve sakene sine på nytt.

Reglane er enda

Demostrasjon for asylbarn

STORT ENGASJEMENT: Både i år og i fjor har det vore fleire demostrasjonar i Noreg, etter at regjeringa gjekk inn for ei ny asylavtale. Bilete er frå ein demostrasjon i fjor.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

1. juli i år kom ei forskrift som kan gje 140 av dei 574 lengeverande asylbarna opphald i Noreg.

For at dei skal få det, må dei anten ha ei aktiv sak, eller sende inn ei sokalla omgjeringsbegjering. I tillegg er det venta ei ny varig forskrift denne hausten.

– Her er det snakk om menneske med lite ressursar. Langt ifrå alle har nok pengar til å føre sine eigne saker, eller å sette seg godt nok inn i sakene sine. Difor har LO engasjert seg i denne saka, seier LO-leiar Gerd Kristiansen.

«Burde vore heilt unødvendig»

Iniativtakar Heldal Bøe meiner det ikkje burde vore nødvendig med rettshjelpsdugnaden, men seier ho er glad for at organisasjonane no går saman for asylbarna.

– Når ein kjem med eit nytt lovverk, burde myndigheitene på eige initiativ tatt ein ny gjennongang av alle sakene. Når dette ikkje skjer er eg sjølvsagt veldig glad for at desse fire organisasjonane no går saman. Det vil klart styrke saka vår, seier Heldal Bøe.

– Forventar å få pengar

Gerd Kristiansen

FORVENTA Å FÅ PENGAR: LO-leiar Gerd Kristiansen seier for forventar ei bevilling når statsbudsjettet blir lagt fram.

Foto: Trond Isaksen

Heldal Bøe meiner det no er støttegrupper og privatpersonar som i dag sørgjer for at enkelte får prøvd sakene sine på nytt.

– Slik kan det ikkje vere. Barn skal ikkje vere avhengige av støttegrupper i lokalmiljøet for å få ein moglegheit til å få bli i landet.

Lo-leiar Kristiansen seier ho forventar på eit positivt svar frå Justis- og beresskapsdepartementet.

– Eg forventar at når me får statsbudsjettet om ein månad, vil det ligge ei bevilling til desse barna, seier Kristiansen.