Erna Solberg og Lars Sponheim - BER OM REGJERING: Hordalendingane Erna Solberg og Lars Sponheim ber begge om å koma i regjering, men i valkampen er tonen krass mellom dei to borgarlege partileiarane. - Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

BER OM REGJERING: Hordalendingane Erna Solberg og Lars Sponheim ber begge om å koma i regjering, men i valkampen er tonen krass mellom dei to borgarlege partileiarane.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Spennande val i Hordaland

Det kan bli store endringar i mandatfordelinga mellom partia i Hordaland etter valet.

Kven møter på Stortinget for Hordaland etter 14. september.

Fleire meiningsmålingar tyder på at både Høgre og Krf skal jobba hardt for å halda på alle sine mandat.

Fordelinga mellom partia i Hordaland var slik etter valet i 2005:

Tidligere valgresultater i Hordaland

 

Ap

Frp

H

KrF

SV

V

Sp

RV

Stortingsvalget 2005:

27,9

 22,2

 16,4

 8,8

 7,5

7,0

5,0

3,4

Stortingsmandater 2005–2009:

 4

 3

 3

 2

 1

 1

 1

0

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fylkestingsvalget 2007:

 24,5

23,0

19,6

8,6

6,1

5,7

6,9

2,7

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stortingsmandater 2001-2005:

3

4

3

3

2

1

1

0

KrF sitt andremandat er eit utjamningsmandat.

Beinhardt blant dei store

Dei to store, Ap og Frp, ser ut til å halda sine mandat. På nokre målingar ser det faktisk ut som om dei begge kan nærma seg eit ekstra mandat i høve til inneverande periode.

Høgre og Krf synest å vera dei partia som slit mest i Hordaland.

Høgre blir borgarleg veslebror

På fleire målingar er Høgre berre inne med to mandat og kampkandidaten, Henning Warloe på tredjeplass, må jobba beinhardt i valkampen for å sikra mandatet.

Om vi skal leggja målingane den siste tida til grunn synest Høgre meir og meir å bli ein veslebror ved sida av storebror Frp på den borgarlege sida.

Men Høgre har tidlegare vist at dei kan koma sterkt dei siste vekene før valdagen, seinast skjedde dette i 2005.

Magne Rommetveit - KAN OVERRASKE: Tidligare Stordordfører Magne Rommetveit kan hauste støtte i Sunnhordland og kapre Arbeiderpartiet sitt femtemandat i Hordaland. - Foto: Arbeiderpartiet /

KAN OVERRASKE: Tidligare Stordordfører Magne Rommetveit kan hauste støtte i Sunnhordland og kapre Arbeiderpartiet sitt femtemandat i Hordaland.

Foto: Arbeiderpartiet

Kjersti Toppe og Rune Skjelaaen - UTJEVNINGSMANDAT?: Senterpartiets listetopp Kjersti Toppe saman med avtroppande stortingsrepresentant Rune Skjælaaen. - Foto: Andreas Grimsæth / NRK

UTJEVNINGSMANDAT?: Senterpartiets listetopp Kjersti Toppe saman med avtroppande stortingsrepresentant Rune Skjælaaen.

Foto: Andreas Grimsæth / NRK

Arne Sortevik - STOR DELEGASJON: Frp sin listetopp Arne Sortevik kan få med tre av sine partikolleger frå Hordaland på Stortinget. - Foto: Kjetil Rydland / NRK

STOR DELEGASJON: Frp sin listetopp Arne Sortevik kan få med tre av sine partikolleger frå Hordaland på Stortinget.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Audun Lysbakken - TILBAKE PÅ TINGET: SV sin nestleiar Audun Lysbakken er toppkandidat og kjem på Stortinget igjen. - Foto: SV /

TILBAKE PÅ TINGET: SV sin nestleiar Audun Lysbakken er toppkandidat og kjem på Stortinget igjen.

Foto: SV

KrF kan miste eitt mandat

Fleire målingar viser og at Krf kan bli sterkt redusert. Berre Laila Dåvøy , på toppen av vallista, sitt mandat kan reknast som sikkert.

I Hordaland kan dette henga saman med nominasjonsstriden, der sunnhordlendingen Ingebrigt Sørfonn vart kasta frå stortingslista til fordel for Filip Rygg frå Bergen. Det kan nok henda at mange Sørfonn-tilhengarar vel andre parti eller let vera å røysta i år.

Krf har alltid stått sterkt i Sunnhordland.

Om veljarane der tenkjer på regionen er det nærliggjande å tru at det vil styrkja Ap sin kampkandidat, Magne Rommetveit , som er femtekandidat for partiet.

Bergenspolitikar i ein tynn tråd

Også i Sp var det nominasjonsstrid. Kjersti Toppe fekk førsteplassen etter kampvotering mot leiaren i fylkeslaget Steinulf Tungesvik.

Korvidt den opprivande striden er gløymt på valdagen står att å sjå. Men mange Sp folk i distrikta meiner at Bergen no har fått for mykje makt i partiet.

Dei siste åtte åra har bergensaren Rune Skjælaaen hatt Sp sitt mandat på tinget, og no skal bergensaren Kjersti Toppe prøva å kapra dette. Men fleire målingar viser at Sp sitt mandat heng i ein tynn tråd.

SV og Venstre stabile

Når det gjeld Venstre og SV har dei eitt mandat kvar, og dette synest ut frå målingane og å bli slik etter valet.

Partileiar Lars Sponheim kjem inn på tinget for Venstre. Det gjer også SVs nestleiar Audun Lysbakken som hadde SVs andremandat mellom 2001-2005.

Raudt kjempar for Stortingsplass

Partiet Raudt satsar igjen i Hordaland, og også denne gongen er det partileiar Torstein Dahle som toppar vallista. Det har vore nære på fleire gonger, men det er etterkvart ein fare for at trufaste Dahle-veljarar reknar at ei stemme til Raudt ved Stortingsvalet kan vera ei bortkasta stemme.

Dei sju andre vallistene som stiller til val har neppe nokon realistisk sjanse til å få mandat i Hordaland.

Til høgre ser du partia/vallistene du kan velja mellom i Hordaland.

Borgarlege jokarar

Kva er så dei viktigaste sakene for veljarane i Hordaland?

Som for resten av landet er nok dei fleste opptekne av kva regjering vi får etter 14. september.

To av dei som KAN få ein jokerfunksjon, om det skal skipast ei borgarleg regjering, er begge partileiarar og toppkandidatar i vårt fylke.

Erna Solberg frå Høgre og Lars Sponheim frå Venstre. Sjølv om tonen mellom dei to leiarane og dei to partia har vore både kvass og til dels hard i valkampen, så har dei god erfaring med å samarbeida i regjering.

Ved sida av regjeringsspørsmålet, er nok miljø, helse og samferdsle noko som engasjerer hordalendingane.

Månelanding for klimaet?

Den store miljøsaka som er overordna det meste er sjølvsagt klimakrisa. Eit realistisk bilde, i følgje forsking, er at havet kjem til å stiga minst 50 cm fram mot år 2100.

Då vil til dømes store deler av Bergen sentrum bli å betrakta som katastrofeområde ved ei stormflo og regelverket for nybygging må endrast.

Fleire store miljøtiltak i Hordaland må finna ei løysing.

Mest opplagt er vel CO2-reinsingsprosjektet på Mongstad. (Vår månelanding som statsministeren i si tid karakteriserte det). Kor tid får dette ei endeleg løysing?

«Monstermaster» gjennom Hordaland?

Eit anna viktig miljøspørsmål for mange blir om Statnett skal få løyve til å byggja store kraftmaster både på fjelltoppane i Hardanger og gjennom Nordhordland.

Her vegrar fleire av partia seg med å ta eit endeleg standpunkt før valet. Det gjeld både Ap og Sp.

Mongstad - MÅNELANDING PÅ MONGSTAD: Den mest presitisjefylte prosjektet i norsk klimapolitikk venter forsatt på avklaring. - Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

MÅNELANDING PÅ MONGSTAD: Den mest presitisjefylte prosjektet i norsk klimapolitikk venter forsatt på avklaring.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Tannlege - TANNLEGEREGNINGA: Kvifor skal staten betale legerekninga mens du må betale tannlegerekninga sjølv, spør SV. - Foto: colourbox.com / colourbox.com

TANNLEGEREGNINGA: Kvifor skal staten betale legerekninga mens du må betale tannlegerekninga sjølv, spør SV.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

Bybanen i Bergen - MILJØVENLEG BY: Snart kan bergensarane reise med bybane, men skal banen forlengast?

MILJØVENLEG BY: Snart kan bergensarane reise med bybane, men skal banen forlengast?

Helse i kvar tann?

Når det gjeld helse er nok veljarane veldig usikre på kva som blir resultatet av den såkalla samhandlingsreforma. Får vi helsekommunar og kor store blir dei? Skal dei kunna bryta fylkesgrensene? Kva med lokalsjukehusa?

SV har dessutan spelt inn forslag om ein eigen tannhelsereform der ingen skal betala meir enn 2500 kroner pr. år i eigenandel. Prislappen for dette blir 7-8 milliardar pr. år på landsbasis.

Men det viktigaste for folk flest i helsekvardagen er nok tilgangen til fastlege, helsesøster, fødestova og lokalsjukehus.

Eldreomsorga står som vanleg i fokus når det er stortingsval, og mange bebuarar på institusjonar skal få handhelsa på politikarane. No kappast partia om å føreslå kor mange «nye hender» som skal koma den neste 4-års perioden.

Dette er berre nokre av spørsmåla som blir reiste i helsedebatten framover.

Forlenging av bybanen?

Samferdsle er kanskje det mest konkrete som politikarane og partia likar å setja fokus på.

I Bergen er ein no godt i gang med gjennomføringa av Bergensprogrammet. Bybanen opnar til Nesttun i 2010 og det store spørsmålet blir kor den skal vidareførast.

Alle stortingspartia, bortsett frå Frp, vil vidareføra banen. Meir usamde blir dei når spørsmålet om den statlege delen av kostnaden kjem opp.

Frp har si eiga løysing på kollektivproblema i Bergen. Dei vil byggja jernbane både til Flesland og til Åsane 100 prosent finansiert av staten.

Gratis ferger?

Det største vegprosjektet som det er tverrpolitisk semje om er realiseringa av ein ferjefri Kyststamveg mellom Stavanger og Bergen. Her er det ikkje spørsmål om den kjem, her er det spørsmål om kor tid, hevdar dei fleste partia.

Alle partia som har sete på Stortinget i dag, bortsett frå Frp, vil vidareføra bompengeinnkreving og dessutan vurdera vegprising.

Frp lovar å fjerna alle bompengar i løpet av dei første 100 dagane om dei kjem i regjering. Om eventuelle regjeringspartnarar godek dette står att å sjå.

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete frå Sp lova i 2005 å kjempa for at riksvegferjene skulle bli gratis.

Ho vil vidareføra den kampen. Det lova ho på valmøte i Bergen nyleg.

Tunnel under vidda?

Fleire av partia vil og byggja ny E-134 over Haukelifjell med m.a lang tunnel frå Seljestad til Røldal. Der er og kome forslag om ein 25 km lang tunnel frå Røldal til Vågslid. Då kan ein avlysa vinteren på høgfjellet og spara sterkt på brøytekostnadar.

Men kanskje det viktigaste samferdsleløftet i neste stortingsperiode blir vedlikehald av eksisterande vegnett. Store deler av det statlege vegnettet blir overført til fylka frå komande årsskiftet som følgje av forvaltningsreforma.

Betyr dette betre vedlikehald eller innsparing, og vil staten løyva dei nødvendige midlane slik at fylka blir i stand til å overta den omfattande oppgåva dagens riksvegnett er?

Penger på bordet

Andre viktige saker ved dette valet blir skule på alle nivå frå barnehage via SFO , grunnskule og vidaregåande til høgskular og universitet.

Ikkje minst på høgskulane og universitetet ventar dei på løyvingar som uteblei då Regjeringa tok eit kvileskjer for nokre år sidan.

For eit halvt år sidan virka det som om finanskrisa kom til å bli ein sentral del av valkampen. Vi høyrer framleis om den no og då. Regjeringspartia skryt av tiltaka dei har sett i verk, mens opposisjonen klagar over at det ikkje er gjort nok.

Store tiltak som er sette i verk i Hordaland er nybygg for Gulating lagmannsrett, nytt odontologibygg og nybygg for høgskulen i Bergen er like om hjørnet.

Vi har ei spennande valkamptid framfor oss.

I NRK Hordaland blir det eigne valsendingar både i radio og fjernsyn. Dessutan møtar du politikarane og blir oppdatert her på nettet.

Godt val!

Radio og TV

Tør ikkje gå åleine på jobb
Virvelvind i Åsane
I andre episode i serien om Løvstakken Fotball går vi litt i dybden med klubbens grunnlegger og altmuligmann Joakim Neergård.

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)