Hopp til innhold

Bustadhus totalskadd i kraftig brann

Det braut ut brann i eit bustadhus på Kronstad i dag tidleg. Politiet kan ikkje utelukka at det var personar i huset då det byrja å brenne.

Det braut ut brann i eit bustadhus på Kronstad i dag tidleg. Politiet kan ikkje utelukka at det var personar i huset då det byrja å brenne.

OVERTENT: Det var full fyr i huset på Kronstad i Bergen.

Kraftig brann

KRAFTIG BRANN: Huset ligg tett med andre hus i nabolaget, men brannvesenet har kontroll på spreiingsfaren.

Foto: Jon Bolstad / NRK

SISTE: Brannvesenet melder at brannen no er sløkt. Det går føre seg ettersløkking på staden.

Meldinga om brannen kom inn til politi og brannkorps klokka 06.50. Eit hus i Svaneviksveien er full fyr.

– Vi har ikkje kontroll og det er moglegheiter for at brannen kan spreie seg, sa vaktkommandør Torkjell Helle ved 110-sentralen i Hordaland til NRK like etter at brannen braut ut.

Det er ikkje kjent om det bur personar på adressa. Over 30 mann frå brannvesenet er på staden for å sløkkje brannen.

Ikkje busett

Bustadhuset som brenn er ikkje busett ifølge innsatsleiar på staden.

– Det har vore ein tilhaldsstad for narkomane og huslause personar dei siste seks-sju åra, seier Ole Bjørn Sveen og legg til at dei ikkje har fått søkt gjennom huset enno.

Ein person frå nabohuset er evakuert. Brannvesenet på staden seier dei elles har kontroll på spreiingsfaren. Næraste hus ligg åtte meter unna.

Laster Twitter-innhold

Brannen sløkt – huset totalskadd

Klokka 08.05 melder brannvesenet at brannen er sløkt.

– Dei hadde kontroll rundt klokka 07.30 og melde til oss at dei ville la det brenna kontrollert ned. Huset er totalskadd som følgje av brannen, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Det vil bli starta etterforsking. Det er for tidleg å seie kva årsaka til brannen er.

– Vi kan ikkje utelukka at det var folk i huset då det byrja å brenne. Det er for tidleg å søke gjennom huset på grunn av varmen.

– Får meg til å tenke litt

Johan Fluge

NABO: Johan Fluge vakna av sirenene frå brannvesenet. Då sprang han ut for å sjå kor det brann.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Huset ligg eit nabolag med fleire trehus, på andre sida av Inndalsveien for den nye Høgskulen på Kronstad. Fleire naboar i nærleiken vakna av sirenene frå brannvesenet. Ein av dei er Johan Fluge, som bur berre nokre hus unna brannen.

– Vi vakna av at det var brannbilar og sjukebilar som laga lyd utanfor huset. Då var det på med kleda og ut for å sjå kva som skjedde. Vi sprang nokre meter ned i gata og då såg vi brannen.

– Det får meg til å tenke litt på mitt eige hus. Eg skal dobbeltsjekke mine røykvarslarar og slikt. Når eg legg meg i kveld vil eg har denne brannen i tankane.