Hopp til innhold

– Hytta har store materielle skadar etter brannen

Hytta i Granvin var fullstendig overtent, men er no sløkt.

Hytte står i full fyr i Granvin

HYTTE I FULL FYR: Måndag ettermiddag fekk brannvesenet melding om full fyr i ei hytte i Folkedal i Granvin.

Foto: Sigrid Seim / Avisa Hordaland

– Brannen er sløkt og vi driv no med ettersløkking på staden, seier Jan Ove Haga, alarmoperatør ved 110-sentralen klokka 15.05.

Hytta er kraftig utbrent, og har store materielle skadar.

Hytta stod i full fyr

Det var klokka 13.40 at brannvesenet fekk melding om at ei hytta stod i full fyr i Folkedal i Granvin.

– Det var hytteeigaren sjølv som melde frå om at det var utvikla brann i hytta si, seier vaktkommandør Torkjell Helle ved 110-sentralen.

Laster Twitter-innhold

Veit ikkje årsaka til brannen

Brannvesenet og politiet kom raskt til staden.

– Hytteeigaren er uskadd. Det var heller ingen andre i hytta, seier Helle.

Det var ikkje vere fare for at brannen kunne spreie seg.

– Brannvesenet i Granvin har akkurat kome fram og er i gong med å setje i verk slukking for å avgrense skadane så godt som mogleg, men hytta er så å seie nedbrent, sa vaktkommandøren til NRK tidlegare i dag.

Dei veit ikkje kva årsaka til brannen er, men det vil bli sett i gong etterforsking av brannårsaka.

Folkedal