Hopp til innhold

Lørdag er det klart for tidenes bulkejul

Sidan 22. desember fell på ein søndag, trur forsikringsselskapa vi kjem til å krasje som aldri før.

Den store bulkedagen

KLAR FOR KRASJ: I løpet av 22. desember i fjor, blei det registrert 1900 skader etter trafikkuhell.

Foto: Tryg

Arne Voll
Foto: Gjensidige

– Allerede no ser vi at det er veldig mange skader, spesielt i nærleiken av kjøpesenter, og i parkeringsanlegg, fortel informasjonsmedarbeider, Arne Voll, i Gjensidige.

– Det er klart at når julaftan i år fell på ein tysdag, så trur vi at både 22. og 23. desember vil utmerka seg med ein god del bulkeskader, seier han.

1900 skader i fjor

Dei kommande dagane før jul kan det skje inntil 150 uhell kvar einaste time mellom klokka 06 om morgonen og til midnatt. Normalt er dette talet på 80.

– Folk har høge skuldre, skal rekkje ting, har mange passasjerer i bilen, det er mas, det er mørkt, det er stor trafikk, og det er trangt på parkeringsplassane, seier Roald Stigum-Olsen i Tryg Forsikring.

LES OGSÅ: – Åtte av ti stikker etter å ha bulket

Det er mas, det er mørkt, det er stor trafikk og det er trangt på parkeringsplassane.

Roald Stigum-Olsen, Tryg Forsikring.

Undersøkingar syner at 22. desember toppar dette seg. I fjor registrerte forsikringsselskapa i Norge nærare 1900 skadar denne dagen.

Trur på tre bulkedagar

I og med at ulukkesdagen i år fell på ein sundag fryktar forsikringsselskapa at det kan bli rekordmange trafikkuhell dette året. Dermed kjem vi til å kave rundt, ikkje berre denne eine dagen, men fleire dagar.

– Vi reknar med at når dei store stressfaktorane som dreier seg om å handle på kjøpesentrene, og som faktisk utgjør dei fleste av desse skadene, så reknar vi med at det skyv seg til den 21., og til den 23. desember, seier Stigum-Olsen i Tryg.

Ber folk tenke som på fredag den 13.

Roald Stigum Olsen i Tryg Forsikring.

Det er ikkje lenge sidan fredag den trettande – ein dag mange trur kjem til å bringa uhell. Men sidan folk er bevisst på at det er ein ulukkesdag, blir talet på skadar redusert.

I år var det faktisk færre skadar enn fredag den 13. enn ein heilt vanleg dag. Stigum-Olsen meiner dette betyr at nordmenn er overtruiske, og tenkjer at dei må vera litt meir forsiktige denne dagen.

Dette vil Roald Stigum-Olsen i Tryg Forsikring overføre til dei siste dagane før jul.

– Dersom folk er klar over at det kjem store bulkedagar no, tenkjer at det er farlege dagar, og tek seg saman, så er vi overbevist om at det vil føre til færre biluhell, seier han.

Parkeringshus

TRANGT OM PLASSEN: Med julestresset hengende over oss, bulker nordmenn dobbelt så mye som ellers, i dagene frem mot jul.

Foto: Rune Kjær Valberg / ILLUSTRASJON