Hopp til innhold

Fryktar miljøkrav kan svekkje flaumtryggleik

Mange stadar blir det vurdert nye miljøkrav om større minstevassføring og mindre høve til nedtapping. Kraftbransjen er uroleg og fryktar mindre straumproduksjon og dårlegare tryggleik mot flaum.

Flom i Odda

UREGULERTE OPO: Flaumen i Odda gjorde store skadar langs den uregulerte Opo-elva, medan elva i nabobygda Tyssedal fekk lite flaum. Direktøren i EnergiNorge trur grunnen er at ekstremnedbøren vart samla opp bak demningen lenger oppe.

Foto: Terje Lægreid

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Som følgje av klimaendringane så er det viktig at vi som samfunn styrkjer flaumberedskap enn å svekkje den, seier administrerande direktør Oluf Ulseth i bransjeorganisasjonen EnergiNorge.

I desse dagar så vert det behandla nye miljøkrav til vassdrag over heile landet. Kraftbransjen trur at dei nye miljøkrava vil gje mindre straumproduksjon og dårlegare tryggleik mot flaum.

– Planar om å redusere nedtappinga vil svekkje vasskraftmagasina si rolle som buffer for å unngå flaumskadar, seier han.

Risikerer å få strengare miljøkrav

På 1900-talet då mange kraftanlegg fekk konsesjon og vart bygd. Vart det ofte tatt mindre omsyn til natur og miljø enn i dag. Men no risikerer eldre anlegg å få strengare miljøkrav enn dei har hatt sidan starten. Målet er å til dømes å gjere landskapet finare og leveforholda til fisk betre.

Oluf Ulseth

DÅRLEGARE TRYGGLEIK: Administrerande direktør Oluf Ulseth i bransjeorganisasjonen EnergiNorge, trur dei nye miljøkrava vil gje mindre straumproduksjon og dårlegare tryggleik mot flaum.

Foto: Per Onsheim / NRK

Mange stadar blir det no vurdert krav om større minstevassføring i elva eller mindre høve til nedtapping av dammen.

– Vil få konsekvensar

Kraftbransjen er no uroleg. Dei trur straumproduksjonen og fortenesta vil gå ned, og fryktar at beredskapen mot flaum blir svekt.

– Restriksjonar som gjer at det blir færre anledningar til å regulere vassdraga enn det er i dag, vil ha konsekvensar for beredskapen når det gjeld flaum, seier Ulseth.

– Men er det eit slags vikarierande motiv?

– Nei, det er mange gode grunnar til å ta vare på den vasskraftproduksjonen og reguleringsevna som vi har i dag, seier han.

Trur flaumen kunne vore unngått

Direktøren i EnergiNorge viser til flaumen i Odda i fjor haust. Den gjorde store skadar langs den uregulerte Opo-elva, medan elva i nabobygda Tyssedal fekk lite flaum fordi ekstremnedbøren blei samla opp bak demninga lenger oppe.

– Det er ikkje tvil om at regulerte vassdrag gjev moglegheiter til å avgrense flaumskadar. I nabobygda Tyssedal så regna det like mykje, men der vart det ikkje flaum fordi ein kunne regulere kraftproduksjonen, seier Ulseth.

– Er det sånn at om vatnet i Opo-elva hadde vore regulert så hadde flaumen vore unngått?

– Det er i alle fall sånn at konsekvensen var veldig forskjellig. Som ein illustrasjon på korleis regulert vasskraft bidrar til flaumdemping, så er det eit ganske nyleg og tydleg døme, legg Ulseth til.