Hopp til innhold

Fryktar kaos det neste døgnet

E39 på Flatøy i Nordhordland er stengt, og all trafikken må over på ein landbruksveg med eit felt. Vegvesenet åtvarar mot kø.

E 39 stengt

STENGER: Her stenger E 39 i nesten eit døgn. Trafikken må over på ein landbruksveg.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Det skal støypast ei bru over europavegen og politiet vil dirigere trafikken forbi på ein landbruksveg med berre eit felt.

Vegvesenet ber folk berekne god tid om dei skal køyre på E39 forbi Flatøy i helga.

– Reis før kl. 19, eller rekn god tid. Skal du for eksempel nå eit fly, så bør du berekne ein time ekstra, slik at du er sikker på å nå det du skal, seier Vidar Nottveit, byggeleiar i Statens vegvesen.

Vegen vert stengd frå i kveld klokka 19 til søndag kveld klokka 18. Dette er ei tid der det vanlegvis er mykje trafikk i området, med om lag 850 bilar som passerer i timen.

– Det vil medføre kø og ventetid begge retningar, seier Nottveit.

Dirigerer trafikken

Politiet er på staden med 12 personar på vakt for å dirigere trafikken.

Lensmann i Lindås og Meland, Kjell Idar Vangberg, meiner ein vil unngå lange køar dersom folk rettar seg etter politiet sine instruksar på staden og skapar god flyt i trafikken.

– Bilistane må følge det dei får beskjed om hos politiet. Dei må køyre jamt og ikkje stoppe opp for å sjå, då det kan lage køen endå lengre.

Politiet trur at ved å dirigere trafikken vil det bli mindre kø enn om det blir brukt ledebil.

– Vi får dobbelt så mange gjennom på same tid som om det hadde vore ledebilar som gjorde det, seier Vangberg.

Flatøy