Hopp til innhold

Ein mann alvorleg skadd etter frontkollisjon

To bilar frontkolliderte på E16 i Arnanipatunnelen. Tre personar vart sendt til Haukeland universitetssjukehus.

Trafikkulykke Arnanipatunnelen

TRAFIKKULYKKE: Eit barn og to vaksne menn er sendt til Haukeland universitetssjukehus etter ein frontkollisjon i Arnanipatunnelen.

Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Klokka 15.02 fekk politiet melding om ei frontkollisjon mellom to bilar i Arnanipatunnelen på E16.

– Tre personar er sendt til Haukeland universitetssjukehus. Det skal vere to menn og eit barn. Ein vaksen mann er alvorleg skadd, opplyser operasjonsleiar Janne Steimler Sætre i Hordaland politidistrikt til NRK klokka 15:45.

Politi, helse og brannvesenet kom raskt til ulykkesstaden.

Klokka 20:40 skriv Haukeland universitetssjukehus i ei pressemelding, at gut (4) er utskriven frå sjukehuset, medan mann (43) er lettare skadd.

Bil i motgåande køyrefelt

Vitne på staden opplyser at den eine bilen skal ha kome ut i motgåande køyrefelt.

Arnanipatunnelen vart stengt og det var fare for lange køar. Vegtrafikksentralen anbefalte omkøyring rundt Garnes. Klokka 16:30 vart Arnanipatunnelen opna igjen.

– Dette er ei såkalla høgenergiulykke, som vil seie at det er ei ulykke som har skjedd i stor fart, forklarar vaktkommandør ved 110-sentralen, Jan-Henning Fossedal.

Laster Twitter-innhold