Hopp til innhold

To personar sendt i luftambulanse etter frontkollisjon

Ei kvinne og ein mann er skadd etter at to bilar kolliderte på Kvamskogen.

Kvamskogen

I den eine bilen sat ei kvinne og ein mann. Dei er begge sende med luftambulanse til Haukeland sjukehus, men skadeomfanget er ikkje kjent, seier operasjonsleiar i politiet, Frode Kolltveit.

I den andre bilen sat ein mann og sonen hans. Begge skal vere uskadde. Dei blei tatt hand om at helsepersonell på staden.

Front mot front

Det var like etter klokka ni at politiet fekk melding via AMK om ein kollisjon like ved Furedalen Alpinsenter på Kvamskogen

Brannvesenet, ambulanse og luftambulanse rykka ut saman med politiet.

Årsaka til ulukka er ikkje kjent.

Fylkesveg 7 var stengt etter ulukka, men er no open for trafikk.

Laurdag ettermiddag opplyser Helse Bergen at ei 28 år gammal kvinne er alvorleg skadd etter ulukka.