Hopp til innhold

Skulebil i front mot front-ulykke

Ein skulebil og ein personbil skal ha kollidert front mot front i Loddefjord. Naudetatane er på staden.

Front mot front

– To bilar skal ha kollidert i Frieda Fasmers veg i Loddefjord, og det er manuell dirigering på staden, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue i Hordaland politidistrikt.

– Ein skulebil er involvert i ulykka, men det er ikkje denne bilen som har var årsak til kollisjonen, seier han.

Lettare skadd

Det er uvisst kor mange personar som er involvert i ulykka, men personane skal ha fått lettare skadar.

Politi og ambulansepersonell er på staden.

– Ein person vart sjekka om han eller ho skulle køyrast til legevakta, og han er no køyrd til Haukeland sjukehus med ambulanse for sjekk, seier Thue.

Mannen skal vera i 70-åra, og til saman tre personar var involvert i ulykka.

Politiet held klokka 11.30 framleis på med å rydde vegen på staden, og rundt klokka 13.00 var staden rydda. Trafikken går som normalt.

Laster Twitter-innhold