Hopp til innhold

Nesten ingen fosterborn gjer som Linn

Særs få som har vakse opp i fosterheim tek høgare utdanning. – Dei endar opp som taparane på arbeidsmarknaden seier Dag Skilbreid, forskar ved Uni Helse Bergen.

linn

TROSSAR STATISTIKKEN: Linn Larsen er ein av få fosterborn som har tatt høgare utdanning. Færre enn kvart tiande fosterborn tek udanning på huniversitetsnivå.

Foto: Dag harald Andersen / NRK

Det er jo breinhardt. Som fosterborn har man allereie mykje å tenkje på. Utdanning blir for tøft for mange.

Linn Larsen

I Noreg tek 40 prosent av befolkninga høgare utdanning, få av desse er fosterborn. Berre ni prosent av dei vel å ta utdanning på høgskule eller universitet. Skilbreid har nyleg gjennomført ei undersøking om fosterborn som tek høgare utdanning.

– Me ser tydeleg at fosterborna er dei klare taparane på arbeidsmarknaden.

Trossa statistikken

Linn Larsen frå Bergen er fosterborn og bestemte seg tidleg for å ta høgare utdanning. Det var beinhardt, og ho skjønar godt at statistikken er som den er. Sjølv trossa ho statistikken og fekk draumejobben.

– Eg vaks opp i ein heim med mykje rus, og problema heime gjekk hardt ut over skulearbeidet. Sånn er det for mange.

Ho hadde mykje fråvær på skulen, og store hol i kunnskapen då ho kom i fosterheim. Den beinharde jobbinga gav resultat.

– Heile ungdomstida mi drøymde eg om eige hus, mann og born. For to år sidan vart eg ferdig utdanna intensivsjukepleiar.

Ho meiner det trengst betre tilrettelegging for fosterborn dersom fleire skal greia å gjennomføre utdanninga si.

To suksessfaktorar

Skilbreid

FOR FÅ TEK UTDANNING: Dag Skilbreid har gjennomført ei undersøking om fosterborn som tek høgare utdanning. For at fleire skal klare det må skulen tilrettelegge betre, seier han.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

Skilbreid seier hovudårsaka til at så få fosterborn tek høgare utdanning har fleire årsaker.

– Det handlar om lite fokusering på skule heime hos dei biologiske foreldra. Som ei følgje av det har borna fått store kunnskapshol og greier ikkje å hengja med på skulen, seier han.

For dei som lukkast med utdanninga er det to faktorar som spelar inn ifølgje han.

Fosterforeldra har enormt mykje å sei for om borna vel høgare utdanning eller ikkje. I tillegg er eigen vilje og oppmuntring frå fosterforeldra enormt viktig, seier forskaren.

– Sidan det har vore lite fokus på skule i borna sin opprinnelege heim, må mønsteret endras straks bornet kjem i fosterheim.

Det aller viktigaste for å få fleire fosterborn til å ta høgare utdanning er likevel betre tilrettelegging på skulen, ifølgje forskaren.

– Det er enormt viktig med god tilrettelegging for fosterborna i tidleg alder. Individuell evaluering, og deretter eit tilpassa opplegg er kjempeviktig for at borna skal greie seg i vidare skulegang.

– Ein lang veg å gå

For Larsen har eigen motivasjon og god oppmuntring frå fosterforeldra vore redninga, men slik er det dessverre ikkje for alle, seier ho.

– Det er jo steintøft. Som fosterborn har man allereie mykje å tenke på. Skule og lekse på toppen av alt anna blir for mykje for mange. Det er rett og slett ikkje alle som greier den beinharde prioriteringa som må til.

Ho er einig med Skilbreid i at det trengst eit eige opplegg for fosterborn på skulane

– Tett oppfølging, og individuelle planar er heilt nødvendig. Det er ikkje greitt at så mange fosterborn fell utanfor arbeidsmarknaden.

Linn Larsen er tidlegare fosterborn. Ho tok høgare utdanning, men få gjer som ho.

Trossar statistikken