Hopp til innhold

Denne er ikkje blitt observert på Vestlandet på over 120 år

Viss du ikkje kjenner denne igjen er det ikkje så rart. Den brune fuglen med langt nebb høyrer ikkje heime i Noreg, og blei denne veka observert på Vestlandet for første gong på over 120 år.

Bronseibis

SJELDAN: Mange fuglekikkarar har tatt turen til Sandvin i Odda etter at det onsdag blei kjent at ein bronseibis for tida oppheld seg i området.

Foto: Terje Håheim

Hobbyornitolog Ingvar Måge var den som først oppdaga den sjeldne fuglen. Observasjonen gjorde han på Sandvin i Odda kommune, der han var ein tur innom onsdag ettermiddag etter jobb.

– Denne fuglen er så spesiell at den ikkje liknar på andre. Fuglen kom flygande og eg såg ikkje heilt kva det var. Så landa den og sette seg ned, og gjennom kikkerten såg eg då at det var ein bronseibis, fortel Ingvar Måge til NRK.

Ifølgje Rapportsystemet for fuglar er det heilt tilbake i 1893 at ein Bronseibis sist blei observert på Vestlandet, den gongen var det ved Høyland i Sandnes kommune i Rogaland.

Kart som viser Sandvin i Odda

SANDVIN: Det er på Sandvin i Odda at Bronseibisen er blitt observert.

Foto: Skjermpump frå Google Maps

Denne observasjonen er ifølgje Måge den 19. som er gjort av bronseibis i Noreg, og det er over 160 år sidan sist den blei observert i Hordaland.

– Både fargar og nebb er unikt på bronseibis. Nokon som ikkje kikkar på fuglar hadde nok ikkje reagert på denne fuglen, men den er oppført i fugleboka, så me som er aktive fuglekikkarar kjenner den godt igjen, forklarer han.

Ekstra sjeldan i indre strøk

Etter at han oppdaga bronseibisen skreiv Ingvar Måge eit innlegg om det på nettsida til Norsk Ornitologisk Forening, for å gjera andre hobbyornitologar merksame på fuglen.

Bronseibis

FØRSTE OBSERVASJON: Ingvar Måge var den første som observerte bronseibisen onsdag ettermiddag, og han tok då dette biletet av fuglen.

Foto: Ingvar Måge

Mange har tatt turen til Sandvin for å kikka på bronseibisen etter at Måge opplyste om observasjonen, ikkje berre lokale fuglekikkarar, men også folk frå Bergen og Stavanger.

– Det som oftast ute ved kysten at sjeldne artar blir oppdaga, for eksempel på Utsira, Herdla eller Jæren. Det er meir uvanleg i Indre strøk slik som Odda, men me har hatt andre sjeldne artar på Sandvin også tidlegare.

– Denne fuglearten skal ikkje vera her, den høyrer til ved Middelhavet, men det skjer av og til at den trekk for langt nord. På fjørdrakta går det an å sjå at den er fødd i fjor, så det er første gong han reiser. Kanskje er han dårleg orientert, eller kanskje han har følgd med nokon andre fuglar.

LES OGSÅ: Her er verdens mest sjeldne fugler

Må godkjennast av komité

– Både eg og andre aktive fuglekikkarar kikkar ofte etter fuglar på Sandvin i Odda. Eg har gått der tusenvis av gongar og av og til så får eg sjå noko uvanleg, ein art som ikkje høyrer til hos oss.

Måge trur ikkje bronseibisen vil bli så lenge og trur den snart vil prøva å komma seg sørover igjen.

– Når slike sjeldne artar som ikkje høyrer til i Noreg blir observerte skal ein nasjonal komite behandla observasjonen for å offentleg godkjenna den. Dette vil bli gjort også her, men det er mange veldig flinke fuglekikkarar som har sett den allereie og stadfesta kva type det er, forklarer Måge som reknar med at godkjenninga skal gå heilt fint.