Hopp til innhold

Første kommune utan fasttelefon

Natt til søndag blei denne mannen historisk. Som landets første ordførar er han no berre tilgjengeleg på mobil.

Ordførar Knut Moe

BERRE PÅ MOBIL: Natt til søndag blei vesle Modalen kommune historisk då Telenor skrudde av fasttelefon-nettet i kommunen, som dermed blir Noregs første utan fasttelefon. Ordførar Knut Moe håpar og trur overgangen skal bli smertefri.

Foto: Modalen Kommune

Natt til søndag blei det skrive telefon-historie i Modalen. Landets nest minste kommune målt etter folketal blei nemleg den første i Noreg til å skru av fasttelefon-nettet.

Det har vore knytt uro blant ein del innbyggjarar til utkoplinga, som er ein del av eit storstilt prøveprosjekt utført av Telenor.

Informasjonssjef for Vestlandet

BLIR VIP-KOMMUNE: Informasjonssjef for Telenor på Vestlandet, Per Aril Meling, forstår at folk kan vera skeptiske til å byta ut noko dei kjenner som fungerer godt, med noko ukjent og nytt. Han trur innbyggjarane kjem til å vera svært godt nøgde med det nye mobilnettet sitt.

Foto: Telenor

Informasjonssjef Per Aril Meling forsikrar folk i kommunen om at dei er i svært trygge hender.

– Dei vil ikkje merka noko som helst, bortsett frå at summetonen no kjem via mobilnettet. Vi har testa alt, og bygd to splitter nye basestasjonar i tillegg til å utbetre to som alt var her. I tillegg kjem vi vil å følgja ekstra godt med no den første tida, seier Meling.

Blir føregangskommune

I tillegg til vesle Modalen, som ligg idyllisk til blant høge fjell i Nordhordland, er dei to bygdene Vårsetergrender og Oterud i Lillehammer òg prøvekaninar for Telenor. Dei skal etter planen koplast av kobbernettet i 2016, seier Meling.

Dette er eit nytt steg inn i den digitale framtida.

Knut Moe, ordførar

– Men om vi vel same metode som i Modalen, er ikkje avgjort enno. Vi vil bruke erfaringane herifrå i det vidare arbeidet med å modernisere telenettet i Noreg.

Liten prøvekanin

Med i underkant av 400 innbyggjarar, er Modalen eit overkomeleg prøveprosjekt for Telenor å starte med.

Ordførar Knut Moe seier han stolar på at Telenor vil halde det dei lovar.

– Vi har nok fått eit betre mobilnett enn vi hadde før, det er klart. Dette er eit nytt steg inn i den digitale framtida.

Frå før har svært mange i Modalen IP-telefon. Dermed finst det framleis eit tryggleiksnett, dersom det skulle skje feil på mobilnettet eller ein av dei to fiberkablane som finst i dag.

– Som pilotkommune har vi fått investeringar som vi neppe hadde fått elles, seier Moe, som legg til at han trur at innbyggjarane vil bli nøgde med dei nye løysingane.

Per Aril Meling i Telenor legg til at om noko feil likevel skulle skje, er beredskapen høg.

– Modalen blir VIP-område for oss! Kommunen har fått eit eige direktenummer om det skulle bli behov for det, forsikrar Meling.

Les òg: Fasttelefonen blir historie