Annakvar innbyggar i arbeidsfør alder i dei 25 raskast veksande tettstadane her i landet pendlar ut frå kommunen kvar dag for å jobba. Det viser ein gjennomgang NRK har gjort av arbeids- og reisemønsteret i desse 25 tettstadane.
Statistikken viser at norske «bygdebyar» til saman har like mange innbyggjarar som heile Osloregionen. Men nesten 50 prosent av dei som bur her, jobbar i ein annan kommune.
Sjå oversikt nedst i saka: Så mange pendlar i vekstkommunane
Reiser vekk for å jobbe
I gjennomsnittskommunen er det under tre av ti som pendlar til ein annan kommune. Med andre ord slit med vekstkommunar og bygder med at innbyggjarane finn seg ein annan plass å jobba enn der dei bur.
– No er eg ein av dei som køyrer til byen, seier Nathalie Akermo frå Askøy.
Ho er ei av mange som ikkje har jobb i heimkommunen, og er langt frå aleine om det på Askøy.
Øykommunen nord for Bergen er ein typisk pendlarkommune og ein av kommunane som slit med få arbeidsplassar per innbyggar. Dermed ser mange seg nøydde til å pendla ut av kommunen kvar dag.
Varaordførar Roald Steinseidet på i Askøy kommune trur det vil snu.
Foto: Sølve Rydland / NRK
– Er ikkje greitt
– Det er langt ifrå greitt, men eg trur den statistikken vil snu, seier varaordførar Roald Steinseide (Frp).
På Askøy har bygdene sør i øykommunen vokse saman, og blitt ein av dei raskast veksande tettstadane i landet. Det merkjer ein i kommunen over brua frå Bergen.
– Kommunar som har enorme veksesmerter har problem. Hos oss har me byrja å legga godt til rette for næringsliv og jobbar heile tida med det, seier Steinseide.
«Ideelt sett skal folk helst jobba og bu og gå på skule i same region.»
Sverre Tomren, Miljøpartiet de Grønne
– Manglande planlegging
Den massive pendlinga frå dei raskt veksande tettstadane er eit symptom på manglande planlegging, meiner Miljøpartiet De Grønne. Dei peiker på at omfattande pendling fører til køar og miljøutslepp.
– Dette viser at det ikkje har vore noko planlegging, at veksten har vore ukontrollert, seier Tomren.
Tomren har som mål å representera De Grønne på Stortinget frå 2013.
– Ideelt sett skal jo folk helst jobba og bu og gå på skule i same region. Det hadde vore bra for alle å sleppa å reisa så mykje, og bra for miljøet, seier Sverre Tomren.
JOBBFLYKTNINGAR: Rundt halvparten av innbyggarane i Askøy kommune køyrer dagleg over denne brua for å komma til jobb i eller rundt Bergen.
Foto: Hansen, Helge / SCANPIX
Vil ha hjelp til kollektivrekninga
Også Høgre sin fylkesordførar i Hordaland, Tom Christer Nilsen, ser problem med at bygdene veks, men ikkje kan tilby arbeidsplassar.
VEKSESMERTER: Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) i Hordaland ser at mange pendlarar skapar køar i Bergen.
Foto: NRK
– Det er ein utfordring. Ikkje fordi dei kryssar kommunegrensene, men sjølve befolkningsstrukturen kan vere eit problem. Det blir mykje biltrafikk ut av det, seier han.
Han trur ikkje små og mellomstore kommunar sjølve kan få ansvaret for å byggja ut vegnett og tilby kollektivløysingar for alle pendlarane.
– Vi treng ein deltaking frå staten. Ingen av byområda og bygdene er på eiga hand i stand til å finansiere de store infrastrukturendringane som trengst, spesielt innanfor banetransport, seier Nilsen.
– Før gjekk alt til Bergen
Tilbake på Askøy meiner ein likevel situasjonen vil betre seg i åra framover. Varaordførar Roald Steinseide trur færre askøyværingar vil ta bil eller buss over brua til Bergen i framtida.
– Kjem vi fram nokre år, vil dette endre seg, samtidig som vi vil få betre vegar og utbygging generelt.
– Og ein treng ikkje gå mange år tilbake før det nesten ikkje var nokre arbeidsplassar i det heile på Askøy – og då gjekk alt inn til Bergen.