Hopp til innhold

Folkemøte om ubåtlagnad på Fedje

På to høyringsmøte onsdag, fekk befolkninga på Fedje fortalt kystminister Lisbeth Berg-Hansen si hjartans meining.

Video Sjå korleis folkemøtet på Fedje gjekk her.

Sjå korleis folkemøtet på Fedje gjekk her.

Onsdag inviterte fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen til to folkemøte om lagnaden til ubåten utanfor Fedje.

Det vert mest sannsynleg aller siste moglegheit til å påverke kva som skal skje med det 67 år gamle ubåtvraket.

Høg temperatur

I januar kom ein ny rapport, laga på oppdrag frå departementet, med tilråding om å dekke til U864. Men lokalbefolkninga er ikkje einige med ekspertane.

– Siste sjanse

– Dette er vårt siste desperate forsøk på å få ministeren til å snu, men vi prøver så lenge det er ein sjanse, seier Lisbeth Stueland, leiar i Aksjonsgruppa Hev U864.

For både lokalpolitikarar og aksjonistar på Fedje vil heve ubåten i frykt for forureining og ei naturkatastrofe om dei 67 tonna med kvikksølv som er om bord i vraket.

Lisbeth Berg-Hansen på Fedje

FOLKEMØTE: Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen fekk ikkje mykje støtte hos lokalbefolkninga på Fedje onsdag.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ser ikkje vitsen

Aksjonistar, lokalpolitikarar og folk flest var til stades, men ikkje alle såg vitsen med eit nytt møte.

– Eg er usikker på kvifor det trengst eit møte no, det viktigaste for oss er at det snart kjem ei avklaring, seier ordførar i Fedje kommune, Kristin Handeland.

Ho meiner dei allereie har fortalt alt dei meiner til ministeren.

– Berg-Hansen har jo høyrt alle argumenta våre før, så vi veit eigentleg ikkje heilt kva ho skal her, seier Handeland.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Open for spørsmål

Berg-Hansen på si side, hadde eit mål for møtet:

– Eg meiner det er naudsynt å presentere den nye rapporten for alle, og høyre om dei har nokre nye spørsmål.

Trur du det kjem fram noko dei ikkje har høyrt før?

Nei, det veit eg ikkje.

For dei som vil ha vraket heva, ser kampen ut til å nerme seg tapt, og for dei er det viktigaste å få ei avklaring så raskt som mogleg.

– Eg og vil ha saka avgjort så fort som mogleg, men eg kan ikkje sei meir om når det blir, seier Berg-Hansen.

Fedje
Foto: NRK