Hopp til innhold

– Folkehelsa er styrka etter 22. juli

Nordmenn sitt samhald etter 22. juli har bidratt til at me har klart oss bra, meiner krisepsykolog.

Atle Dyregrov

Krisepsykolog Atle Dyregrov meiner det er viktig med forsking på 22. juli, slik at me kan få konkret kunnskap om korleis terroråtaka påverka oss.

Foto: NRK

I USA trong mange hjelp etter terrorangrepa 11. september i 2001. Dette har ikkje vore tilfellet i like stor grad i Noreg etter 22. juli i fjor.

– Den veldig kollektive mobiliseringa kan ha gjort at folkehelsa har unngått å bli svekka på noko vis, slik som me blant anna såg etter 11. september i USA, seier krisepsykolog Atle Dyregrov til NRK.

– I USA var det heilt klart ein oppgang i dei som trong meir medisinsk hjelp og oppfølging, og ein auke i antall som søkte helsevesenet etter 11. september, forklarer Dyregrov.

Eit trygt folk

Han meiner 22. juli har tatt vekk noko av nordmenn si uskuld, knytt til at ting skjer andre stadar, men ikkje hos oss. Dette har gjort oss meir utrygge, men samstundes skapt samhald og fellesskap.

– Det amerikanske samfunn har nesten ein pilar av frykt, som har vore der gjennom terrorhandlingar, men også fordi dei har mange skyteepisodar og andre ting som gjer folk utrygge. Dei føresetnadane har me ikkje i Noreg, me er eit trygt folk, og eg trur ikkje me går rundt og er så mykje meir utrygge i kvardagen, seier Dyregrov.

LES OGSÅ: Slik reagerte vi på terroren

– Må forska på 22. juli

Korleis 11. september påverka USA og amerikanarane er blitt forska mykje på. Det finst difor meir sikker informasjon om korleis 11. september har prega amerikanarar, samanlikna med korleis 22. juli har prega nordmenn.

– Førebels er det slik at me nesten må spekulera på korleis det har påverka folkehelsa. Forsking vil nok komma i gang, og er i gang på nokre område etter 22. juli, men ikkje på nok område synest eg, seier Dyregrov.

– Kvifor er det viktig å forska på det?

– Det viktige med å forska er at det skapar kunnskap som me kan bruka for korleis me skal handtera seinare katastrofar som skjer i Noreg. Det går på korleis me best kan hjelpa dei som kjem opp i slike situasjonar, og også korleis leiarane våre kan handtera slike dramatiske nasjonale katastrofar, seier Atle Dyregrov.

– Sjokk er hjernen sin reaksjon

Forsking vil kunna gi meir kunnskap, men krisepsykologen trur nordmenn vil reagera med same type sjokk om noko liknande skjer igjen.

– Sjokk er den menneskelege hjerne sin reaksjon på det som er heilt uventa, den kan me ikkje ta vekk. Eg trur me kan vera meir mentalt førebudde om noko skulle skje igjen, men sjokket må me nok leva med, seier Atle Dyregrov.

LES OGSÅ: