Hopp til innhold

Sommarbåten er framme på Fedje

NRK sin sommarbåt har onsdag segla gjennom fylket på sin første av to turar i sommar. Klokka 13.20 kom båten fram til Fedje.

MS Sjøkurs ankommer Fedje

FEDJE: Klokka 13.20 kom MS Sjøkurs fram til Fedje. I kveld blir det tv-sending frå øya.

Foto: Skjermdump / NRK

Sommarbåten seglar inn i Hordaland. I kveld kan du sjå Sommeråpent direkte frå Fedje.

MS Sjøkurs var klokka 13.20 framme ved Fedje. Det er ti minutt tidlegare enn planlagt.

I heile sommar seglar NRK langs kysten med MS Sjøkurs. Heile 38 hamnar skal få besøk.

Draumeboks på kaia

NRKs sommerbåt

SEGLAR I HORDALAND: NRK sin sommarbåt er på plass i Hordaland, og du kan følgje den minutt for minutt.

Foto: Johnny Larsen

Klokka 13.30 i dag segler skuta inn og legg til kai for å lage sommarunderhaldning frå øya i havgapet. Programleiar er Nadia Hasnaoui.

Det er mykje som skal gå føre seg i Fedje. Mellom anna kan alle som vil fortelje om sine draumar i ein automatisk intervjuboks på kaia.

Boksen skal samle inn dine framtidsdraumar for Norge og kva du synest er viktig å vårt samfunn. Intervjua blir samla på ei nettside som kjem neste år i forbindelse med markeringa av grunnlovsjubileet.

Nokre av draumane kan også blir vist på TV nærare 17. mai neste år. Målet er å samle inn så mange draumar som mogeleg.

Tre stopp i Hordaland

Vidare seglar båten nordover til Sogn og Fjordane, men på veg nedover kysten blir det også to stopp i fylket vårt.

1. august sender MS Sjøkurs frå Bergen, før sommarbåten 2. august seglar inn Hardangerfjorden og stoppar i Rosendal i Kvinnherad kommune.