Hopp til innhold

– Eit frykteleg vanskeleg arbeid

For tjue år sidan selde Gregory Smith alt han eigde og flytta til Brasil for å hjelpe gatebarn. – Det finst langt fleire problem, enn gode augneblink, seier han. Men angre har han aldri gjort.

Gregory Smith

FLYTTA TIL BRASIL: Gregory Smith har no arbeida med gatebarn i São Paulo i Brasil i over tjue år. Organisasjonen Children At Risk Foundation samarbeider også med fotballklubben Brann. Her er nokre av barna i drakter frå bergensklubben.

Foto: Children At Risk Foundation

I 1992 braut Gregory Smith opp frå livet i Os utanfor Bergen og reiste til Brasil for å hjelpe gatebarn. Over tjue år seinare har organisasjonen Children at Risk Foundation hjelpt tusenvis av barn som lever liva sine på gata.

Eg har aldri angra på det. Det var naturleg for meg den gongen. Eg følte eg hadde fått mykje ut av livet, sett mykje, men ein har jo alltid desse ungdomsdraumane ein går og tenker på, seier Smith.

Frykteleg vanskeleg arbeid

Kvar dag møter han barn som av mange vert betrakta som eit overflødig samfunnsproblem.

– Ein ser på gatebarn som at dei ikkje er verdt noko. Sjølv om ein beviser at barna kan bli til gode samfunnsborgarar, er det veldig mange som ikkje trur på det. Dei blir sett på som kakerlakkar som ein må bli kvitt. Kvar dag må me jobbe mot dette.

– Det er fryktlege vanskeleg, og langt fleire problem å løyse enn det finst gode augneblink i kvardagen, seier Smith.

Gregory Smith var også gjest i Vestlandsrevyen 25. november. Sjå intervjuet med Smith her.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gregory John Smith i BRasil

BRASIL: Gregory Smith følgde draumen, selde alt han eigde og reiste til São Paulo i Brasil. – Eg har aldri angra, seier han.

Foto: CARF

«Fredspris» for arbeid med barns rettar

For tre veker sidan fekk han ein høgthengande pris for arbeidet sitt. Framfor 700 gjester i New York tok Gregory Smith i mot World Children Award, også kalla fredsprisen for barns rettar.

Gregory Smith

FØLGDE DRAUMEN: Det var ein ungdomsdraum for Gregory Smith å arbeide for å gje gatebarn ei framtid.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

LES OGSÅ: I natt fikk Gregory Smith «barnas fredspris»

– Det var heilt utruleg. Det overraska meg så pass at under det fyrste møtet med grunnleggjarane av prisen måtte eg spørje «kvifor skal eg vere her»?

– Prisen betyr veldig mykje. Ein kjenner seg ofte åleine i dette arbeidet, og spør seg om ein gjer dei rette tinga. Pengane kjem alltid godt med, men større er det at arbeidet vårt blitt anerkjent og lagt merke til.

SJÅ OGSÅ: Dokumentaren «Kolibrimannen»

Skule samla inn 190.000 kroner

Merksemd har organisasjonen fått frå fleire plassar. Nyleg samla Aurdalslia skole inn 190.000 kroner til Children at Risk Foundation.

Children At Risk Foundation

BRASIL: Children At Risk Foundation blei starta i Noreg av Gregory Smith i 1992. Tusenvis av gatebarn har fått hjelp av organisasjonen.

Foto: Gregory Smith / Children At Risk Foundation

At andre engasjerer seg i arbeidet for gatebarna, betyr mykje, seier Smith. Kvifor han enda opp med å jobbe for akkurat desse barna, finst det fleire svar på.

– Det er noko med skjebnen i dette. Nokre gonger når eg er lei av alt, og berre vil gje opp, så seier folk til meg: «Det er ditt val, det er du som har valt det.»

– Men eg trur ikkje me har valt det, men at me blei valt til dette. For det er så mange brikker som har falle på plass i løpet av dei 21 åra eg har vore der.

190.000 kroner samla Aurdalslia skole inn til organisasjonen Children At Risk Foundation.