Hopp til innhold

Dette er ei lufthamn - ikkje ei lufthavn

Bergen lufthavn Flesland må byta namn. Det seier Samferdselsdepartementet som meiner flyplassen til no har brote mållova.

Bergen lufthavn Flesland

MÅ OMDØYPAST: Samferdselsdepartementet meiner Avinor bryt mållov ved å ikkje skifte frå lufthavn til lufthamn.

Foto: Runa Victoria Engen

Marit Arnstad

– FØLG MÅLLOVA: Samferdselsminister Marit Arnstad i eit brev til Avinor.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix
Kjersti Toppe

KREV NAMNEENDRING: – Det skal også nyttast nynorsk i Avinor annonsar og skriv, seier Kjersti Toppe (Sp).

Foto: Vågenes, Hallgeir / VG

I eit brev ber departementet om at all skilting på flyplassen bør vera på nynorsk.

– Det har vore slått fast tidlegare at Avinor må følgje mållova. Grunnen til at det kjem eit brev no er at Avinor ikkje planlegg å skilta slik mållova krev, nemleg på nynorsk, seier Kjersti Toppe (Sp).

Språkkrangel

Det har i sommar vore full språkkrangel om namna på flyplassane i nynorskkommunar. Språkrådet bad Avinor om å rydda opp og byta ut bokmålet med nynorsk på flyplassane i Bergen, Ålesund, Haugesund og Fagernes.

Styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet sa den gong at mållova er klar og at dei fleste kommunane i regionen rundt desse flyplassane nyttar nynorsk.

– Avinor har nok ein god del å rydda opp i når det gjelder deira praksis, sa Grepstad.

– Eg forstå ikkje heilt at ein har problem med at det heiter "lufthamn", parerte Steinar Øksengard i Bokmålsforbundet.

Lufthamn, ikkje lufthavn

Men no ber altså samferdselsminister Marit Arnstad om at Avinor følgjer mållova.

I brevet hennar viser ho til Avinor sine eige vedtekter, der dei sjølve skriv dei skal følgje "målbrukslova".

Og det betyr at Bergen lufthavn Flesland blir til Bergen lufthamn Flesland.

– Ja, og det betyr også at dei skal nytta nynorsk i sine annonsar og sine skriv. Det gjeld ikkje berre skilting, seier Kjersti Toppe i Senterpartiet.

– Mållova bør respekterast

– No er det Samferdselsdepartmentet som styrer Avinor. Så eg har ikkje nokon merknad til det, svarar Øyvind Halleraker (H) på spørsmål om kva han tykkjer om peikefingeren frå Samferdsledepartementet til Avinor.

– Men eg føreset at dei begge gjer jobben sin og at mållova vert følgt. Eg går ut frå at det vil vera vurderingar knytt til kostnadar og anna. Men eg tykkjer at når vi har ei mållov og to språk i landet så må det respekterast.