Hopp til innhold

Unge nordmenn druknar i gjeld

Fleire norske ungdommar får betalingsmerknadar. No skuldar unge mellom 18 og 26 år over ein milliard kroner.

Kredittkort

SKULDAR 1 MILLIARD: Nærare 29.000 mellom 18 og 26 år skuldar 1 012 321 556 kroner i inkassogjeld.

Foto: Karina Jørgensen / NRK

Jan Græsvik

– UROVEKKJANDE: Seier seniorrådgjevar Jan Græsvik i Intrum Justitia.

Foto: www.intrum.no

– Når du treff grensa på 20.000 kroner, då har du eit kjempeproblem, seier Kornelius Langli.

Han veit altfor godt kva det vil seia å stå i gjeld til banken. Langli skaffa seg eit kredittkort som han framleis betalar på.

– Det er jo kjedeleg. Eg merkar at eg nesten ikkje har råd til mat, og må ty til pølser og makaroni, sukkar den unge mannen.

Skuldar 1 milliard

For det som skal vera ei naudløysing, vert ofte eit økonomisk kaos.

Norske ungdommar mellom 18 og 26 år skuldar meir enn 1 milliard kroner i inkassogjeld. Tal frå Intrum Justitia avslører at det er dei unge i Akershus og Hordaland som er verst i landet.

– Undersøkinga viser at det er ei markant auke frå år til år, i talet på ungdommar som har betalingsmerknad, seier seniorrådgjevar Jan Græsvik i Intrum Justitia.

Talet på unge med betalingsmerknad har auka frå 28.258 personar i februar 2012 til 28.900 personar i februar 2013.

Artikkelen held fram under tabellen

Unge mellom 18 og 26 år med betalingsmerknad

 

01.02.13

 

Fylke

Tal på personar

Total gjeld

Østfold

1 965

kr 56 996 088

Akershus

2 556

kr 104 277 109

Oslo

3 903

kr 151 234 091

Hedmark

1 213

kr 36 649 097

Oppland

1 024

kr 38 778 586

Buskerud

1 514

kr 54 812 592

Vestfold

1 604

kr 52 882 783

Telemark

1 089

kr 29 365 598

Aust-Agder

631

kr 16 311 566

Vest-Agder

992

kr 33 826 193

Rogaland

1 967

kr 74 248 140

Hordaland

2 534

kr 82 611 134

Sogn og Fjordane

337

kr 13 924 955

Møre og Romsdal

1 092

kr 46 879 043

Sør-Trøndelag

1 580

kr 51 731 370

Nord-Trøndelag

769

kr 24 395 296

Nordland

1 553

kr 40 158 160

Troms

1 005

kr 37 715 251

Finnmark

572

kr 31 906 153

Ukjent

1 000

kr 33 618 351

Sum

28 900

kr 1 012 321 556

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: Intrum Justitia/AAA Soliditet. Posten «Ukjent»syner personar med ukjent adresse, mange av dei er busett i utlandet.

– Tala er urovekkjande, for det tyder på at det er mange unge som veit altfor lite om å styre sin egen økonomi, kommenterer Græsvik

Han legg til at Intrum Justitia meiner personleg økonomi må bli sett på dagsorden i skulane.

– Får det kasta etter seg

I snitt skuldar norske mellom 18 og 26 år 35.000 kroner i inkassogjeld.

– Kreditt er ikkje eit kva som helst produkt. Dette er noko som kan ramme heile samfunnet, kommenterer fagdirektør Jorge Jensen i Forbrukarrådet.

Han fortel at Forbrukarrådet ser at det er veldig enkelt for folk å få fatt i eit kredittkort i dag.

– Fleire unge melder ifrå til oss og seier at dei nærast får kasta kredittkort etter seg, fortel Jensen.

Tek gjelda med vidare

Men like lett er det ikkje når lånet skal nedbetalast. Jan Græsvik er bekymra over at mange unge tek gjelda med seg inn i vaksenlivet.

–Når vi ser på aldersgruppa opp mot 30 og 40 år, så ser vi at dei som kom skeivt ut allereie som ungdommar, framleis slit med dei same økonomiske problema.

Hadde Kornelius Langli fått velja på nytt, hadde han takka nei til kredittkort. Han trur det luraste er å finna andre løysingar om ein skulle få pengeproblem.

– Lån heller av foreldra. Med ein gang du har kortet så brukar du det. Er du ikkje flink då, vil du nå sperra på kortet og ligge etter kvar einaste månad, åtvarar han.