Hopp til innhold

«Det styrar deg 24 timar i døgnet, Du er konstant ein slave.»

Minst 30.000 norske gutar og menn har eteforstyrringar. Marius (24) er ein av svært få som vågar å snakka om det.

Marius Nord Melås vil hjelpa andre gutar og menn med spiseforstyrringar

STÅR FRAM: Marius Nord Melås ønskjer å gje eteforstyrringar eit mannleg ansvar. – I media er det alltid kvinnene som vert framstilte, menn vågar ikkje å stå fram, seier 24-åringen.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

– Eg kjenner ikkje igjen personen eg ser på bileta, seier 24 år gamle Marius Nord Melås i det han blar igjennom bileta på facebook-sida si.

Eg følte ingen glede lenger. Det var heilt forferdeleg å vera i den situasjonen.

Marius Nord Melås om kampen mot eteforstyrringar
Marius vog halvparten av det han gjer i dag

AVMAGRA: Då situasjonen var som verst vog Marius Nord Melås halvparten så mykje som han gjer i dag.

Foto: Privat

17 år gammal hadde ungdommen frå Leikanger i Sogn og Fjordane vorte alvorleg sjuk.

I starten trudde venner og kjende at Marius berre hadde vorte meir opptatt av kosthald, trening og å ta vare på eigen kropp.

– Eg var ein stor gut, og hadde vel godt av å gå ned nokre kilo. Så med ein gong såg jo dei rundt meg positivt på at eg hadde endra livsstil, fortel han.

– Følte ingen glede

Etter kvart som han vart tynnare og tynnare forstod dei at han var sjuk. Plagene gjekk på livet laus, på det verste vog han halvparten av det han gjer i dag. Likevel var det vanskeleg å få den rette hjelpa.

– Eg følte ingen glede lenger. Det var heilt forferdeleg å vera i den situasjonen. Det styrar deg 24 timar i døgnet. Du er konstant ein slave, seier 24-åringen som bur i Bergen.

Få menn vågar å stå fram med eteforstyrringar. Marius Nord Melås (24) ønskjer å gje sjukdommen eit ansikt, og hjelpa gutar og menn i same situasjon.

VIL HJELPA ANDRE: Marius Nord Melås har kjempa seg tilbake til eit tilnærma normalt liv. No ønskjer han å hjelpa andre gutar og menn.

Vert sett på som «jenteproblem»

Trass i at stadig fleire gutar og menn får eteforstyrringar er det framleis mange som oppfattar lidingane som noko som berre råkar jenter og kvinner.

– Sjølve omgrepet vert fort knytt til jenter og anoreksi og bulimi. Me har ein stor jobb med å nå ut med bodskapen om at eteforstyrringar er langt meir enn anoreksi og bulimi, og at mange menn slit med dette, seier Irene Kinsgwick i ROS (Rådgiving om spiseforstyrrelser).

Irene Kinsgwick i ROS

IKKJE EIT «JENTEPROBLEM»: Irene Kinsgwick seier mange framleis trur at eteforstyrringar berre råkar unge jenter.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Ifølgje ROS-senteret har minst 30.000 menn og gutar eteforstyrringar. Men mørketala er store fordi mange ikkje vågar å be om hjelp. ROS-senteret markerer 30-år med hjelp til personar med eteforstyrringar frå personar som sjølv har vore igjennom sjukdommen. Men det har vore vanskeleg å finna mannlege hjelparar

Sjølv om det er lite forsking å visa til, er inntrykket at eteforstyrringar er eit aukande problem blant menn.

– Ein ser at fokuset på utsjånad og kropp blant menn har vorte ganske likt det fokuset som tidlegare har vore blant kvinner, fortel Kinsgwick.

– Mange føler skam

– I media er det alltid kvinnene som vert framstilte, menn vågar ikkje å stå fram. Eg trur mange føler skam, seier Marius Nord Melås, om kvifor han står fram og fortel om sjukdommen han har slite med.

Han er framleis ikkje heilt frisk, men rådgjeving og behandling har gjort at han no kan leva meir normalt.

Vil hjelpa andre menn

Marius gjekk mange rundar i behandlingssystemet utan å få hjelp. Då han etter kvart kom til ROS-senteret, var det ingen menn å snakka med som hadde vore i same situasjon.

No jobbar han som frivillig ved ROS – målet er å hjelpa gutar og menn ut av problema han sjølv har kjempa mot.

– Eg ønskjer å bryta tabuet om menn og eteforstyrringar. Eg ønskjer å vera her for dei som treng den hjelpa som eg fekk, seier 24-åringen.