Hopp til innhold

Nye fengselsplassar skal minske køane

41 nye fengselsplassar skal opprettast i Noreg, blir det slått fast i årets statsbudsjett. – Det vil gjere soningskøane kortare, seier stortingsrepresentant for Høgre, Peter Christian Frølich.

Bergen fengsel

NYE FENGSELSPLASSAR: 41 nye fengselsplassar skal opprettast i Noreg, og av desse skal åtte plassar bli oppretta i Bergen. Dette blir slått fast i årets statsbudsjett.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

– Eg trur at dette blir veldig velkome, og me veit òg at det er stor mangel på glattcelle-kapasitet, og dette vil kunne hjelpe på den situasjonen òg, seier Frølich.

Fengselsplassane skal byggast i fengsel som alt eksisterer i dag, og Peter Christian Frølich seier desse vil vere på plass ganske raskt.

– Det er som eit ledd i ei rekke hastetiltak som regjeringa føreslår for å få fleire fengselsplassar, seier Frølich.

Regjeringa føreslår å etablere nye lukka fengselsplassar i Kongsvinger, Hustad, Bergen og Bodø. I tillegg blir det føreslått ein ny ungdomseining på Austlandet for å betre barn og unge sine forhold under frihetsberøvelse.

Åtte plassar i Hordaland

Det har tidlegare vore forslag om å sende fangar til Nederland for å minske køane.

– Me treng både nye fengselsplassar, både her i landet, og i Hordaland, men det er òg viktig at me får på plass avtalar med Nederland slik at me kan byrje å sende fangar til soning der nede, seier Frølich.

Av dei 41 soningsplassane som skal opprettast i Noreg, får Bergen åtte nye plassar.

– Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, slik umiddelbart, men det betyr veldig mykje. Mange av dei som sonar har jo relativt korte dommar, så alle monnar drar, seier Frølich.